
Då planane om vindkraft på Haramsøya kom, stod Birgit Oline Kjerstad midt i sitt livs største kamp. Sidan har ho berre kjempa vidare.
Om forfattaren: Anders Totland bur på Valen i Kvinnherad. Han har tidlegare skrive bøker om alt frå slavehandel til romfart. Sidan hausten 2019 har han prøvd å følgja og forstå kva som har drive fram den store motstanden mot vindkraft. Denne reportasjen er ein del av dokumentarprosjektet Då vinden snudde. Her kan du bestilla boka!
Du har sett henne på TV: sittande på anleggsvegen medan politiet vil ha henne vekk, ståande med protestbanner eller på veg inn eller ut av rettssalen eller møte med statsministeren. Og som ein av få aktive motstandarar mot vindkraft har ho vore invitert til Debatten på NRK for å fremja synspunkta sine i debatt med politikarar frå storting og regjering. Men kven er eigentleg Birgit Oline Kjerstad – og kor kjem dette engasjementet frå?
For å ta det heilt frå starten, vaks ho opp på naboøya til Haramsøya, Løvsøya. Faren var kystfiskar og mora var lærar. Og så ofte ho kunne, kom unge Birgitt Oline og resten av familien seg ut i naturen.
– I vår familie var det kultur for at me brukte fritida i fjell og fjøre. Me gjekk på søndagstur med kaffibål og pinnebrød. Det var det som var vår ferie og rekreasjon, i nærlandskapet. Det hende me reiste og besøkte slekt, men me farta ikkje til syden. Dei lysaste barndomsminna eg har er frå nærnaturen, tett på den, seier Kjerstad.
Ho snakkar om bærplukking, fisking og plukking av måseegg. Og så fortel ho ei historie om då familien var ute på tur, medan ho var ei lita jente, og ho var gått i forvegen. Då ho kom til ein stein der det gjekk tjukt med maur over stien, stilte ho seg opp for å styra resten av familien forbi, så ingen skulle tråkka på mauren.
– Eg har alltid hatt eit tett og viktig band til den nære naturen. Og så har eg levd eit langt liv som bonde, seier Kjerstad.
Ho gifta seg og fekk ungar, og heile tida var naturen med som ein viktig pause i kvardagen. Det var der ho fann avkopling og ro.

Når ho snakkar om vindkraftutbygginga på Haramsøya er det særleg ein av ungane som får fram dei sterkaste kjenslene. I tida før planane om vindkraftverket først kom på bordet, var nemleg behovet for å finna avkobling større enn nokon gong før for den engasjerte trebarnsmora. Sidan 1988 hadde ho hatt ein psykisk utviklingshemma son med stort behov for stell og omsorg. I 2002 gjekk det mot slutten.
– Eg visste at han var døyande. Han var autistisk og sterkt pleietrengande. Det var ei kollosal belastning for heile familien. For meg blei det å stikka av på tur åleine ein time eller to ein måte å overleva på mentalt, seier Kjerstad.
Samtidig opplevde ho at fleire gode vener ho hadde knytt tette band til flytta vekk. Til vanleg ville ho tenkt at det er sånne nedturar livet byr på for alle, men i kombinasjon med dramaet som utspelte seg heime, blei alle dei vonde kjenslene forsterka.
– Eg hugsar at eg såg utover fjellet og øyane og tenkte at «dette er det i alle fall ikkje nokon som tar frå meg».
Så kom planane om vindkraftverk, og sidan har ho kjempa. Heilt frå starten mobiliserte dei lokalt, og fann alt dei kunne av argument mot vindkraftplanane. Og det var på ingen måte sjølvsagt at det skulle bli fleirtal for vindkraft. Men som så mange andre stader var kommunekassa skral, og løfte om enorme økonomiske overføringar til kommunen, kombinert med ein prosess som både då og seinare har fått sterk kritikk, var til slutt nok til å få politikarane med på ja-sida.
I 2008 gav Noregs vassdrags- og energidirektorat konsesjon til Haram Kraft, og året etter var klagehandsaminga i Olje- og energidepartementet ferdig. Konklusjonen blei den same: Utbyggaren fekk tommel opp. No er anleggsarbeidet i gang, og planen er at det før utgangen av 2021 skal reisast og setjast i drift åtte turbinar med ein årleg produksjon på 113 GWh. Det skal gje nok straum til å forsyna 7060 einebustader årleg.
Det betyr ikkje at kampen er over. Det siste slaget så langt stod i Sunnmøre tingrett hausten 2020. Målet var å stoppa utbygginga av dei åtte turbinane på øya. Resultatet blei ei advokatrekning på nærmare ein million kroner, etter at tingretten gav fullt medhald til utbyggaren. Kort tid etter avgjerda i retten bestemte styret i organisasjonen «Nei til vindkraftverk på Haramsøya» seg for å anka saka til lagmannsretten.
For Birgitt Oline Kjerstad er det ei grunnleggande drivkraft der, som gjer at ho ikkje kan gje seg. Mest av alt handlar det om naturen ute på øyane, som for henne og mange andre har ein uendeleg verdi.
– Så lenge me har den, kan eg leva eit godt liv. Det handlar om å kunna stikka av nokre timar når du treng ein pause, eller når du treng å trimma litt. Når du treng å oppleva naturen og få den energien du får av å ha ei god utsikt, og oppleva alle dei tinga som du opplever i naturen. Det handlar mykje om fred og ro og lys og lyd, heile sanseapparatet som står på lading. Eg trur veldig mange nordmenn kjenner seg igjen i det. Kvifor har folk i dei store byane hytte? Jo, for å komma seg vekk frå byen. Å ha tilgang til naturområde er knytt til helsa, både fysisk og psykisk. Det er motivasjonen for engasjementet mitt.
– Er det framleis dette som er din kamp eller har det blitt til noko større?
– Etter kvart som du jobbar med ei sak som dette, får du jo meir og meir kunnskap om kva det handlar om. Då blir det òg ei sak om demokratiet vårt. I kva grad får folka som bur ein stad involvera seg i prosessane som påverkar dei. Og for min del handlar det ikkje berre om vindindustri, sjølv om den kampen har blitt veldig synleg. Eg har eit stort engasjement for kloden vår, og ser at denne saka heng saman med veldig mykje anna av det me held på med. Eg er kritisk til graden av industrialisering, og i tillegg kjem dei sidene som handlar om eigarskap, og kven som tener pengar på dette. Det har eg blitt veldig opptatt av, seier Kjerstad.
– Kva tenker du om behovet for energi?
– Elektrisitet er eit kjempegode. Men eg kjøper ikkje forteljinga til vindindustrien om at det er dei som har løysinga. For me har samtidig ei naturkrise. Arealendringane, måten menneske påverkar kloden, er ikkje berekraftig. Og vind er lite energieffektivt. Eg tenker at energien må produserast nærmast mogleg forbruket. Ein må heile tida forholda seg aktivt til utviklinga, og skaffa seg god kunnskap om dei negative følgjene med dei aktuelle energikjeldene, seier Kjerstad.
Ho trur og håper uansett det er aller mest å henta på å redusera dagens forbruk.
– Me må ha meir fokus på korleis me kan få ned forbruket vårt. Me har utvikla ein livsstil i den rike delen av verda der me reiser histen og pisten, med flytrafikk som berre aukar. Når eg ser ein generasjon tilbake, var ikkje dette behovet der. Me har fått eit sinnssjukt privatforbruk som belastar kloden. Måten me forbruker ressursane på i vår generasjon er heilt totalt uforsvarleg. Eg trur ettertida kjem til å dømma oss. Me har gjort det for å tena gode pengar, og det er enkelt og behageleg. Men skal me komma nokon veg med miljøspørsmåla må me ta eit grunnleggande tak og kvitta oss med den økonomiske modellen som seier at me alltid må ha vekst. Det må skrotast. Og så må me begynna å ta ansvar, og produsera energien der han skal brukast. Det betyr at du kanskje ikkje kan unngå vindindustri overalt. Men den måten det kjem på no, med fjernt eigarskap og eit reint marknadsstyrt system, trur eg ikkje fører oss dit me skal for å ta vare på kloden.
– Kva tid er din kamp over?
– Haha! Nei, sei det. No stiller eg på stortingsliste til valet. Kor mykje eg klarer å utretta med det partipolitiske engasjementet mitt står igjen å sjå, men eg har ein utolmodigheit og eit ønskje om å vera folket si stemme inn i ei rekke viktige saker og tankesett, som EØS, nyliberalisme og miljøet. For meg heng alt dette nøye saman.
Foto: Privat
Fleire tekstar om då vinden snudde:
Det handlar om sorg

Då ho kom ut i terrenget, og såg korleis anlegget ville setja spor i naturen, kunne ikkje lenger Mona Strand seia ja. Les historia hennar her.
Ein kamp for livet

Då planane om vindkraft på Haramsøya kom, stod Birgit Oline Kjerstad midt i sitt livs største kamp. Sidan har ho berre kjempa vidare. Les historia hennar her.
Du får ei kule midt i levra

Ole Martin Dahle lever av å visa fram naturen. Det han har sett dei siste åra, får det til å gå kaldt nedover ryggen. Les historia hans her.
Spørsmål og svar

Fri og frank eller kjøpt og betalt? Her er svar på mange dei oftast stilte spørsmåla om arbeidet med boka om vindkraftmotstanden.
Mellom byen og fjellet

Det betyr alltid noko kven det er som fortel historia, og kva blikk ein ser med. Dette er mitt perspektiv.