Spørsmål og svar om “Vindmøllekampen”

Om forfattaren: Anders Totland bur på Valen i Kvinnherad. Han har tidlegare skrive bøker om alt frå slavehandel til romfart. Sidan hausten 2019 har han prøvd å følgja og forstå kva som har drive fram den store motstanden mot vindkraft. Denne teksten er ein del av dokumentarprosjektet Då vinden snudde. Bestill signert bok her!

Uansett kven eg snakkar med om vindkraft, og kva side av bordet dei sit på, er det mange spørsmål om prosjektet og boka. Her er svar på dei vanlegaste.

Har du fått betalt av NVE for å skriva denne boka?

Nei.

Kva med Trønderenergi?

Nei.

NORWEA då?

Nei.

Men korleis blir prosjektet finansiert om ingen betaler for det?

I utgangspunktet er det eg sjølv som finansierer prosjektet. Å jobba med ei bok som dette er eit omfattande arbeid, og den vesle summen eg får i forskot av forlaget, er knapt nok til ei månadsløn. Heldigvis finst det gode støtteordningar for norsk sakprosa, og eg har fått økonomisk støtte av både Fritt Ord og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Dei har imidlertid ingen innflytelse på korleis boka blir. Dei har berre fått ein søknad med ei prosjektskildring, og så har dei gjeve støtte med utgangspunkt i det. Ikkje ein einaste gong seinare i prosessen har eg kontakt med desse organisasjonane om innhaldet i boka.

Har du berre snakka med motstandarane mot vindkraft?

Absolutt ikkje. I arbeidet med denne boka har eg snakka med veldig mykje forskjellige folk, alt frå naboar til vindkraftverk og bestemødrer som demonstrerer mot nye utbyggingar til stortingsfolk, ministrar og tilsette i vindkraftselskapa. Sjølv om det er motstanden eg skriv om, har det vore heilt avgjerande for min del å setja seg inn i ulike sider, og få impulsar og argument frå ulikt hald. Ikkje for at alle meiningar som er negative til vindkraft skal balanserast med noko positivt på trykk, men for å kunna sortera i kva som er kva under vegs, og ikkje minst for å prøva å skaffa meg eit nyansert bilete av konfliktane eg skriv om.

Kva bindingar har du til organisasjonane som kjempar mot vindkrafta?

Ingen som betyr noko. Tidlegare var heile familien med i Den norske turistforening (DNT), fordi me var med og arrangerte ting i Barnas turlag. Men eg trur eg har gløymt å betala fakturaen for i år, så då er me vel ikkje medlemmer lenger, heller. Eg har uansett aldri vore medlem i DNT for å fremja politiske meiningar i det offentlege ordskiftet. For vår del handla det utelukkande om lokale turaktivitetar.

Kva med Motvind, har dei noko kontroll på korleis du vinklar historia?

Nei, og ikkje Naturvernforbundet, Natur og Ungdom eller La naturen leve heller. Det er mi bok, mitt prosjekt, og den einaste personen eg diskuterer innhaldet med under vegs, er redaktøren min hos forlaget, som har som jobb å sørga for at boka blir så bra som mogleg. Og mor mi.

Mor di?

Ja, ho er god å ha. Dessutan er ho både forfattar og gammal politikar, så når me drikk kaffi og et lunsj kan me diskutera ein del tema som andre helst vil sleppa å høyra for mykje om. Og så gjev ho motstand. Og serverer kringle. Det er som eit slags kinderegg.

Fleire tekstar om då vinden snudde:

Det handlar om sorg

Då ho kom ut i terrenget, og såg korleis anlegget ville setja spor i naturen, kunne ikkje lenger Mona Strand seia ja. Les historia hennar her.

Ein kamp for livet

Då planane om vindkraft på Haramsøya kom, stod Birgit Oline Kjerstad midt i sitt livs største kamp. Sidan har ho berre kjempa vidare. Les historia hennar her.

Du får ei kule midt i levra

Ole Martin Dahle lever av å visa fram naturen. Det han har sett dei siste åra, får det til å gå kaldt nedover ryggen. Les historia hans her.

Mellom byen og fjellet

Det betyr alltid noko kven det er som fortel historia, og kva blikk ein ser med. Dette er mitt perspektiv.

Kjøp boka her!

Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest oppteken er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut – år etter år?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s