
Ole Martin Dahle lever av å ta med turistar ut i naturen. No ser han med stor uro på korleis det blir mindre og mindre å visa fram – og ikkje minst korleis leveområda til havørna forsvinn.
Om forfattaren: Anders Totland bur på Valen i Kvinnherad. Han har tidlegare skrive bøker om alt frå slavehandel til romfart. Sidan hausten 2019 har han prøvd å følgja og forstå kva som har drive fram den store motstanden mot vindkraft. Denne reportasjen er ein del av dokumentarprosjektet Då vinden snudde. Her kan du bestilla signert bok!
– Engasjementet for natur har alltid vore der. Det var ikkje syden og Afrika som var leikegrinda vår då eg vaks opp. Det var fjella heime, på sjøen med far. Eg trur nok det er difor eg har den jobben eg har i dag, seier Ole Martin Dahle.
Eller «Ørnemannen», som han ofte blir kalla. For sjølv om han er opptatt av naturen i det store og heile, er det fuglane han verkeleg brenn for. Og heilt øvst tronar havørna.
– Naturgleda har eigentleg berre blitt sterkare og sterkare med åra, seier Dahle.
I tillegg til å guida folk rundt i naturen, har han eit lite gardsbruk som han driv med på si. Litt hobbysau, som han sjølv seier. Og då det først blei snakk om vindkraftutbygging i Flatanger, var han på ingen måte negativ til det. Tvert om tenkte han at det kunne vera fantastisk om ein lokalt kunne produsera fornybar straum. Energi av vind, liksom. Betre kunne det ikkje bli.
Men så skjedde det noko. Mest av alt var det mengda og omfanget som fekk Dahle til å reagera. På den tida sat han i kommunestyret for Arbeidarpartiet, og såg korleis det kom fleire og fleire saker om vindkraft på bordet.
Det var Sørmarkfjellet og Innvordfjellet, Beingårdsheia og Aunkrona.
– Det dundra på med søknader i kjerneområda våre. Villmarka vår blei plutseleg trua. Samtidig var Flatanger ein fattig kommune, og her var det mogleg å tena nokre kroner, seier Dahle.
I lokalsamfunnet blei det ein stor debatt. Folk mobiliserte, og Dahle trekker særleg fram presten i bygda, Eiliv A. Larsen.
– No er ikkje eg noko religiøs person, men når sjølv ein sindig prest som han tok til motmæle mot vindkrafta, trur eg det var mange som vakna av det, seier Dahle.
Dahle snakkar om skog og fjell som er langt unna der dei fleste går søndagsturane sine, og om korleis naturien i seg sjølv har ein eigenverdi. Om fiskevatn som dei færraste fiskar i, men som likevel er der. Som betyr noko. Sjølv treng han ikkje nødvendigvis setja føttene der, men det er likevel godt å vita at naturen er der.
– Berre det å vita at det finst natur som framleis er inntakt, sjølv om det gjerne tar mange timar å gå dit, er verdifullt i mine auge, seier Dahl.
Då kampen om utbygginga i Sørmarkfjellet stod på som verst, var det steile frontar, og i ettertid er det slettes ikkje alle som er nøgde med korleis det politiske spelet gjekk føre seg. Resultatet var uansett at kommunen sa ja. Ved årsskiftet 2018/2019 kom den nødvendige kapitalen på plass, då Trønderenergi fekk tyske Stadtwerke München med seg på eigarsida, og kraftverket har gjennom 2019 og 2020 blitt reist.

– Då eg forstod at dette faktisk kom til å skje, var det ein mørk dag. Du får ei kule midt i levra. Eg har mkjye gjester eg må ta vare på, men prøvde likevel å vera så mykje som mogleg ute i terrenget for å visa motstand. Men samtidig: Skal du bera ein rustning på deg heile tida, kvar einaste dag, tar du livet av deg sjølv. For meg blei dette veldig ambivalent. Eg skulle visa gjester frå heile verda kor vakkert det er her, og visste samtidig at no sprenger dei i Sørmarkfjellet. Det blei veldig sårt, seier Dahle som var den første som blei bøtelagt for motstanden i Hestdalen.
– Det blei starta ein Spleis for å betala bota, men eg betalte sjølv, og sa at dei pengane heller kunne gå til Motvind, seier Dahle.
Så langt er Sørmarkfjellet det einaste av dei fire prosjekta som viser igjen i terrenget. Aunkrona-prosjektet blei etter kvart trekt av Statkraft, og i 2009 bad Noregs vassdrags- og energidirekt om at selskapet bak Beingårdsheia-prosjektet, Ulvig Kiær AS, skulle avslutta arbeidet.
Både håpet og frykta er no knytt til Innvordfjellet. I 2018 fekk Zephyr den endelege konsesjonen av Olje- og energidepartementet til å bygga dei 30 vindturbinane dei har planlagt, med mål om ein årleg straumproduksjon på 350 GWh. Men utbygginga har ikkje komme i gang, og då selskapet søkte om å få utsett frist frå 31. desember 2020 til 31. desember 2023 for å ferdigstilla anlegget, blei søknaden avslått av Noregs vassdrags- og energidirektorat sommaren 2020.
Under vegs har Ole Martin mista respekta for fleire av dei politiske partia, og har avslutta det lokalpolitiske engasjementet. I kampen mot vindkrafta kjende Dahle at han trong å ha ryggen klar, han ville stå fri til å aksjonera og seia kva han meinte. Det fann han ikkje rom for frå innsida av partiorganisasjonen.
– Eg stolar ikkje på dei politiske partia, og synes Ap har vore veldig slappe. Dei har skuffa meg stort dei siste åra, seier Dahle.
– Du trur ikkje du kunne fått til meir frå innsida?
– Jo, det er mogleg, det. Men det blei så sårt til slutt. Eg var på møte og kjende eg blei uglesett fordi eg var imot at kommunen skulle få pengar. Det var ikkje lett, sjølv om det var ein bra motstandsorganisasjon med trøkk i her på den tida. No kjennes det som ein stor, flott familie, som berre blir større og større i heile landet. Og det verkar faktisk som om det begynner å gå inn hos nokon. Men det kjennes litt som by mot land, byråkrati mot småplassar. Dei veit at dei kjem til ein fattig kommuna, at det er lett å få eit ja. Sånn har det nok vore jamt over heile kysten, seier Dahle.
Slik han ser det, er Sørmarkfjellet tapt. Vindindustrien har velta innover skogen, og øydelagt naturverdiar han meiner dei ikkje vil få tilbake.
– Eg kjem aldri til å gå på tur i Sørmarkfjellet igjen. Det er berre smerte. Eller forresten, eg kjem kanskje til å gå inn dit for å visa avsky når parken skal opnast, seier Dahle.
Noko av det som har vore verst, har vore å sjå korleis han meiner utbygginga har gått utover havørna. Det siste året har han registrert at ørna har forsvunne frå nokre av områda han tidlegare har besøkt hyppigast med gjestene sine. Han meiner at fuglen ikkje har takla anleggsarbeidet, med helikopter og dynamitt, som han seier det. Og til slutt gav fuglen opp.
– Ein mister litt av stoltheita til heimbygda, seier Dahle.
– Kva er du kjenner på?
– Det var jo ein av dei finaste plassane eg tok med gjester før. Eg var der kanskje 100 dagar i året. No kvir eg meg for å køyra inn der med båten. Kvar gong eg kjem inn, gjer det vondt. I 2020 trur eg berre eg var der to gonger. Det smertar veldig. Samtidig er eg eit positivt menneske, så eg må jo berre leva med det. Eg er for gammal til å flytta herfrå.
– Kor lenge kan du tillata deg sjølv å kjenna på denne smerta?
– Eg trur det blir heile livet. At me ikkje klarte å vinna kampen då det stod på i 2007-2008. Me var så nære å vinna kampen. Men det skjer så mykje i korridorane, og blant dei som bestemmer. Det kjentes som å gå i ein krig der du veit at hæren som kjem mot deg kjem til å ta livet av deg. Men sjølv om me tapte kampen på Sørmarkfjellet, har me vore med på å bevisstgjera resten av kysten. Frå nokre få som skreiv om motstanden på Facebook, har det no blitt ein kjempeorganisasjon. Opposisjonen vaknar. Folk vil ikkje ha det lenger, seier Dahle.

Og sjølv om han sørger over Sørmarkfjellet, er det ikkje sånn at han manglar gode turområde i nærleiken. Han kan framleis gå andre stader for å finna ro. Det er det ikkje alle som kan.
– På Haramsøya har dei ingen stad å flykta. Dei kan ikkje gå ein anna plass. Det er så rått, så ubeskriveleg. Me kan berre ikkje utsetja menneske for dette. Men så har me klimadebatten. Me må ha rein energi, og det er det som er vanskeleg. Men eg trur ikkje vindkraft er svaret. Det blir sagt at me må tola desse inngrepa, men me bur jo her på grunn av kvaliteten me har i livet vårt. Eg kunne ikkje overlevd i Oslo, det hadde eg ikkje klart. Eg vil ha fridommen til å gå ut om morgonen og pissa, eg vil gå på fjellet og eg vil kunna vera i naturen. Det er det som har vore våre fristunder heile livet, og det synes eg er viktig å kunna føra vidare, seier Dahle.
– Menneska må vera smartare enn dette. Dette kan umogleg vera framtida. Om 500 år trur eg det vil gå folk på Sørmarkfjellet og sparka i torva og finna lemningar av metall og boltar, og lura på kva det er dei har funne. Dei kjem ikkje til å forstå noko ting.
Foto av Ole Martine Dahle: Wenche Dahle.
Foto frå Sørmarkfjellet: Kjartan Trana
Fleire tekstar om då vinden snudde:
Det handlar om sorg

Då ho kom ut i terrenget, og såg korleis anlegget ville setja spor i naturen, kunne ikkje lenger Mona Strand seia ja. Les historia hennar her.
Ein kamp for livet

Då planane om vindkraft på Haramsøya kom, stod Birgit Oline Kjerstad midt i sitt livs største kamp. Sidan har ho berre kjempa vidare. Les historia hennar her.
Du får ei kule midt i levra

Ole Martin Dahle lever av å visa fram naturen. Det han har sett dei siste åra, får det til å gå kaldt nedover ryggen. Les historia hans her.
Spørsmål og svar

Fri og frank eller kjøpt og betalt? Her er svar på mange dei oftast stilte spørsmåla om arbeidet med boka om vindkraftmotstanden.
Mellom byen og fjellet

Det betyr alltid noko kven det er som fortel historia, og kva blikk ein ser med. Dette er mitt perspektiv.