
Då ho kom ut i terrenget, og såg korleis anlegget ville setja spor i naturen, kunne ikkje lenger Mona Strand seia ja.
Om forfattaren: Anders Totland bur på Valen i Kvinnherad. Han har tidlegare skrive bøker om alt frå slavehandel til romfart. Sidan hausten 2019 har han prøvd å følgja og forstå kva som har drive fram den store motstanden mot vindkraft. Denne reportasjen er ein del av dokumentarprosjektet Då vinden snudde.
– Eg såg nærmast på det som sjølvsagt at eg ville seia ja, då prosessen med utbygginga starta i slutten av min andre periode, fortel Mona Strand.
Ho representerte Arbeidarpartiet i kommunestyret, då spørsmålet om eit vindkraftverk i Åmot kommune kom på bordet for rundt ti år sidan.
– Fornybar energi og inntekter til kommunane; kva kunne tala imot det?
Slik tenkte ho. Det same gjorde fleirtalet av politikarane i både Åmot og Trysil, som var dei to kommunane Raskiftet vindkraftverk skulle byggast i, på vestsida av Osensjøen.
Strand skildrar heimkommunen som ein liten kommune med store utfordringar. Ikkje berre hadde industrien i kommunen på denne tida vore gjennom ei voldsam omstilling. I tillegg har dei gjort store investeringar i infrastruktur for å ta imot Østerdal garnison og Regionfelt Østlandet.
Ein sjanse til å betra vilkåra for kommunen, kombinert med at dei lokalt kunne bidra til eit løft for klimaet, var altfor bra til at dei kunne venda tommelen ned.
Men for Mona Strand var det noko som endra seg då dei kom ut i landskapet for å sjå nærmare på kva dei skulle ta stilling til, på befaring saman med utbyggaren. Først der ute i terrenget gjekk det opp for henne kva utbygginga faktisk ville innebera. Det indre biletet ho hadde hatt av eit slik prosjekt stemde ikkje med røynda. Nøyaktig kva ho hadde sett for seg veit ho ikkje, men ho var i alle fall påverka av dei langt mindre dominerande turbinane ho hadde sett på reiser i Danmark, trur ho.
– Dette området består av skog og myr. For fundamentering av turbinane måtte det til enorme mengder masseforflytning, armeringsjern og tonnevis med betong. Vegar skulle byggast fram til kvar turbin. Heile naturområdet ville endra karakter, seier Strand.
Etter kvart las ho seg òg opp på sjølve turbinane. Kva dei var laga av, korleis dei fungerte. Det ho fann, var lite imponerande. Ikkje minst reagerte ho på informasjonen om at rotorblada er laga av materiale som ikkje kan gjenvinnast, og etter ei relativt kort levetid vil enda som ubrukeleg skrap.
– Eit vindkraftverk har begrensa levetid, om lag 25 år. At ein skal kunna få eit slik område tilbake til opphaveleg tilstand er omtrent umogleg å sjå føre seg, meiner Strand.
Og no står det der. Avgjerda om å bygga ut blei tatt i 2015, og hausten 2016 starta grunnarbeidet. To år seinare var dei 31 turbinane i drift. Bak utbygginga står selskapet Austri Raskiftet, som er eigd av Stadtwerke München (60 prosent), Eidsiva (20 prosent) og Gudbrandsdal Energi Fornybar (20 prosent).
Då Noregs vassdrags- og energidirektorat gav konsesjon til prosjektet i 2014 la dei vekt på at det er gode vindforhold i planområdet, og at Raskiftet vindkraftverk vil bidra til at Noreg kan oppfylla forpliktelsane knytt til fornybarmåla våre. NVE peika òg på at prosjektet ville vera konkurransedyktig i den norsk-svenske elsertifikatmarknaden.
«De viktigste negative virkningene av Raskiftet vindkraftverk knyttes etter NVEs vurdering til landskap, friluftsliv, hyttenæring og Forsvarets interesser. Disse virkningene er likevel ikke så store at konsesjonssøknaden bør avslås. NVE legger til grunn at gode produksjonsprosjekter kan tåle noe større miljøvirkninger enn mindre gode prosjekter. NVE vektlegger at Trysil og Åmot kommuner er positive til tiltaket.»
For Mona Strand har tida etterpå berre forsterka synet ho fekk då politikarane var på synfaring. Gevinsten av ei slik utbygging er ikkje stor nok til å forsvara kostnaden. Og ulempene er fleire enn dei trudde i forkant.
– Skiløypene måtte leggast om, då det i deler av vinterhalvåret er fare for iskast. Då er det forbod mot å ferdast i sjølve området. I tillegg har fleire av dei nærmaste naboane problem med støy frå turbinane, og på toppen kjem problema med fugledød og skyggekast, fortel Strand.
I etterkant har ho tenkt mykje på kva det er som eigentleg får folk til å innta dei ulike standpunkta i spørsmålet om vindkraft. Og ikkje minst kvifor spørsmålet har blitt så kontroversielt. Ho har følgt med på alle moglege slags Facebook-sider, og seier at ho krympar seg over ein del av retorikken og argumentasjonen. Særleg reagerer ho sterkt når folk begynner å snakka om landssvik og det som verre er. Men ser ein litt forbi dei grovaste utsegnene, og verkeleg prøver å forstå kva som ligg bak dette enorme engasjementet, meiner Strand ein kan finna ei djupare meining.
– Det handlar rett og slett om sorg. Folk kjenner sorg over å mista noko dei set veldig stor pris på, som betyr mykje for dei. I den grad noko er heilagt for oss nordmenn, så er det naturen. Havet, skogen, fjellet. Det er ikkje berre enkelt å gje uttrykk for den kjærleiken og tilhøyrsla som ein kan kjenna overfor naturen. Men eg trur det er kjerna, seier Strand.
Slik ho ser det, blir den naturen ein har søkt til for rekreasjon, jakt og turar med ungane, nærmast maltraktert og omgjort til industriområde. Dei grøne sertifikata har fått fart på utbygginga i store deler av landet, medan vasskraftverka som kunne ha blitt fornya for å gje meir kraft har vore underlagt heilt andre skattereglar.
– Det kjennest absurd, seier Strand.
Og på toppen av det heile går store deler av inntektene ut av landet, til utanlandske eigarar. I avtalane ligg krav om tilbakeføring og opprydding, men kven trur eigentleg på det? spør ho retorisk.
– Desse vindkraftverka inneber enorme naturinngrep og naturøydeleggingar, for å produsera grøn energi – for å redda klimaet. Det er ikkje noko enkelt val. Men idiotforklaringa av vindkraftmotstandarar er i alle fall ikkje noko bidrag til å gjera desse vala enklare.
Foto: Kirsten Sønsteby Hanssen
Fleire tekstar om då vinden snudde:
Det handlar om sorg

Då ho kom ut i terrenget, og såg korleis anlegget ville setja spor i naturen, kunne ikkje lenger Mona Strand seia ja. Les historia hennar her.
Ein kamp for livet

Då planane om vindkraft på Haramsøya kom, stod Birgit Oline Kjerstad midt i sitt livs største kamp. Sidan har ho berre kjempa vidare. Les historia hennar her.
Du får ei kule midt i levra

Ole Martin Dahle lever av å visa fram naturen. Det han har sett dei siste åra, får det til å gå kaldt nedover ryggen. Les historia hans her.
Spørsmål og svar

Fri og frank eller kjøpt og betalt? Her er svar på mange dei oftast stilte spørsmåla om arbeidet med boka om vindkraftmotstanden.
Mellom byen og fjellet

Det betyr alltid noko kven det er som fortel historia, og kva blikk ein ser med. Dette er mitt perspektiv.