Alt du treng å vita om Anders Totland

Forfattar Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN

Er du skuleelev og skal skriva om Anders Totland eller bøkene hans? Her er ein bloggpost med svar på alt du lurer på, eller i alle fall alt du kjem til å få svar på.

Anders Totland (1986) debuterte hausten 2015 med boka Vampyrane i Eplehagen. Boka er gjeven ut på Kapabel Forlag, og er illustrert av Nina Flatnes Bratbak.

Våren 2016 kom han ut med ungdomsromanen Engel i snøen på Gyldendal Norsk Forlag. Boka hausta svært gode kritikkar, og fekk tildelt Nynorsk barnelitteraturpris. Boka er også omsett til dansk.

I tillegg har han bidrege med ein av tekstane til antologien Fantasiboka, som kom ut på Skald forlag hausten 2016. Det er den femte og siste boka i serien av nye, nynorske forteljingar for born, som er gjennomillusertrert av Gunvor Rasmussen.

Hausten 2017 kom Totland ut med si andre ungdomsbok, Så lenge ingen ser oss, og debuterte på same tid som kokebokforfattar med boka Digg på Skald.

Den første sakprosaboka for barn og unge, Den norske slavehandelen, kom ut på Gyldendal hausten 2018, og blei nominert til Kulturdepartementet sin fagbokpris. Kort tid etter kom den tredje ungdomsromanen, Nedteljing.

Totland er utdanna kokk, vikarierer som organist og jobba tidlegare som journalist i avisa Sunnhordland. I mange år skreiv han om matauk på bloggen Frå hage til mage, og han held framleis føredrag om same emnet med ujamne mellomrom.

lars-martin-teigen
Biletet er frå lanseringa av Engel i snøen i Kvinnherad bibliotek. Foto: Lars Martin Teigen

 

2 thoughts on “Alt du treng å vita om Anders Totland

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s