Faktisk frukost

faktisk

Kvar laurdag og søndag frå og med 28. mars inviterer forfattar Anders Totland sjåarane med inn i ei spennande verd av sanne, litt mørke, historier frå verkelegheita.

Det handlar om slavehandel og tortur, ære og skam. Og ikkje minst kjem det til å handla om smittsam sjukdom. Og kanskje litt om romfart?

Alle sendingane blir lagt ut her, og vil du vita endå meir, finst faktabøkene til Anders både hos bokhandlaren og på biblioteket.

Viss du er på Facebook, kan du òg gå inn og lika dette arrangementet, så får du påminning kvar gong det blir lagt ut ein ny video.

Er du lærar og vil bruka dette i undervisninga, har våre vener hos Foreningen !les laga fine oppgåver til både Den norske slavehandelen og Nattmannen. Her er opplegget til slavehandelen, og her er både læraroppgåver og aktivitetar til Nattmannen.