Året er 1665, og heksebrenning foregår over heile Europa. I Bergen må Kristina og bestevennen Peder forsøka å redda Kristina si bestemor som blir tiltalt og dømt som heks. Ho står i fare for å bli brent på bålet. Dei to borna må ut på ei farleg ferd, og får erfara trolldom og heksekunstar på nært hald. Kan Kristina og Peder redda Besta frå flammane?
Og kven er eigentleg den utstøytte nattmannen som går rundt i byen med kjerra si om nettene? Og kva har han med Kristina å gjera?
Det er duka for stor dramatikk når musikalen Hekseringen blir sett opp i Moster Amfi på Bømlo dei to første helgene i august.
Kjøp billettar til Hekseringen her!
For min del er det truleg det mest spennande som skjer i heile år. Eg speler nemleg rolla som nattmann – noko som inneber både replikkar, solosong og ein liten duett.

Og nei, eg har aldri sunge på ein scene før (i alle fall ikkje med intensjon om at det skal vera fint). Og ja, den einaste grunnen til at eg blei spurt om å spela denne rolla, er at eg har skrive ei faktabok om karakteren eg skal spela. I 2019 gav eg nemleg ut boka Nattmannen, ei faktabok med ti sanne historier om folk utan ære.
Boka kan du lesa meir om, og kjøpa her!
Eg skal altså spela rolla som ein av mine eigne litterære karakterer, på ein måte. Då kan ein berre spørja seg kva som blir det neste, med tanke på kva slags typar som dukkar opp i resten av bøkene mine.
Nattmannen-boka er nemleg ein del av eit større prosjekt for min del, der eg formidlar mørk, litt ukjend, norsk historie for ungdom. Andre bøker i serien er Den norske slavehandelen, Lepra, Pest og plage.
I tillegg kjem Norske sjørøvarar som blir lansert om nokre få dagar.

Og om du vil ha endå meir lesestoff, kjem den andre romanen min for vaksne ut om ein månads tid. Den heiter Til jord skal du bli, og blir av forlaget skildra som ein slags tragikomisk noir.