Bøker

9788205510807DEN NORSKE SLAVEHANDELEN (kjem i august)

I denne boka skildrar Anders Totland livet og kvardagen til dei norske deltakarane i slavehandelen.

Det var nordmenn i alle ledd. Dei reiste til sjøs, med skipa fulle av afrikanske slavar, og dei jobba på dansknorske slavefort i Afrika og i Amerika.

Me får høyra om ein mektig dommer frå Ringerike som torturerte og drap eit tosifra tal slavar. Og me blir kjent med ein sliten skippar frå Bergen som mista både jobb og familie, før han fekk ein ny sjanse på eit slaveskip. Sjølv Tordenskiold, den store krigshelten, var aktivt med i denne handelen.

Når me les om desse lagnadane, får me innblikk i livet slik det var på 1600- og 1700-talet, rått og brutalt og hjarteskjerande. Men også i denne mørke delen av norsk historie fins det nyansar.

Boka er illustrert i ein poengtert teikneseriestil med tidsriktige detaljar.

 

9788279592693_framsidejpgDIGG – GJER KVARDAGEN TIL EIN FEST

I kokeboka DIGG finn me alle ingrediensane som høyrer heime i ei kokebok: forrettar, supper, middagar og dessertar, men me spissar det heile med nokre heilt eigne krydder. Og får du litt til overs har me restetips til mange av oppskriftene, samt eit eige kapittel om restemat.

Dei festlege rettane i boka kan lagast av kven som helst, med kvardagslege ingrediensar alle kan finne i nærbutikken i kvar einaste krå av landet.

Ei saftig, rå og raus kokebok som inspirerer sjølv den matleie i tidsklemma.

Les meir om kokeboka her.

 

SÅ LENGE INGEN SER OSS

så lenge ramme

Ei bok som merkar deg, skriv forlaget. Boka er selt til Danmark, og har mellom anna fått terningkast 5 i Dagbladet.

Gyldendal skriv: Det er ingen som ser oss her, seier Ole, den nye stefaren til Jon. Jon har hatt ein del av dei. Men Ole er annleis. Han lagar pannekaker, legg frem gymtøy og passar på at det er nok mat i huset til nistepakkar. Han melder seg til og med som trenar for det nye gutefotball-laget i bygda! Og er skikkelig nøye og ordentleg. Han blir til og med med inn i garderoben for å passa på at alle dusjar etter trening. Ja, Ole er verkeleg super. Ein dag spør han om Jon vil vera med på campingtur. Berre dei to! Jon blir flau av glede. Klart han vil!

Det er berre det at Ole ikkje er heilt den same på camping som elles. Og Jon er ikkje den same etterpå. Men kven vil tru på Jon når han til slutt fortel det som må forteljast?

Her kan du kjøpa boka!


engel i snøen coverENGEL I SNØEN

Knallsterk og vakker ungdomsroman om livets uunngåelige brutalitet, skriv Gyldendal.

Det synet deler også kritikarane, og boka har fått svært gode kritikkar. Både Bergens Tidende og Dagbladet fann frem femmaren på terningen då dei melde boka.

Her kan du sjå kva andre meldarar har skrive om boka.

Eit utdrag frå boka er også med i årets tXt-aksjon Panser, som er distribuert til meir enn 120.000 elevar i ungdomsskulen.

Det danske forlaget ABC Forlag har kjøpt rettane til å gje ut boka i Danmark.

Boka dannar også grunnlaget for Engel i snøen – ei slags framsyning.

Her kan du kjøpa boka.

 

VAMPYRANE I EPLEHAGENvampyrane (1)

Bestefar i Eplehagen er prest. Når han ikkje er i kyrkja, tuslar han rundt i hagen og et deilige, raude eple. Bestefar elskar eple.

Men han får ikkje fred. Stadig vekk dukkar naboane opp, når han minst ventar det. Naboane til bestefar er vampyrar.

I boka Vampyrane i Eplehagen kan du lesa korleis det går med bestefar og vampyrane. Og sjølv om vampyrar (og kanskje også besteforeldre?) kan vera litt skumle, kan boka trygt lesast av både bestemor og barnebarn.

Historia om vampyrane i Eplehagen er basert på ein ekte bestefar.

Her kan du kjøpa boka.