Ein entusiastisk lærar gav nytt liv til «Vintertonar»

Foto: Ole Magnus Endresen

Då lageret nærma seg tomt, kom ein entusiastisk lærar inn frå sidelinja. No kjem romanen til Anders Totland i pocketutgåve – og endar i lommene til fleire hundre elevar på Stord VGS.

Bak det heile står norskseksjonen på Stord vidaregåande skule. Ein av lærarane, Anett Hidle Stokken, var raskt ute og skaffa seg eit eksemplar då Vintertonar kom ut på Samlaget i august 2019, og boka gjorde inntrykk. Ideen om å ta boka inn i skulen oppstod, og så har det berre balla på seg.

– Eg tenkte at denne ville vera perfekt i arbeidet med bokbad av forfattar, i samband med festivalen Falturiltu, då den har ein del lag som elevane må diskutera seg fram til. Det som er ekstra kjekt er at elevane har eit felles prosjekt som fordjupingsoppgåve. Arbeidet med boka endar opp i ein skriftleg analyse, seier Hidle Stokken.

Kollega Vibeke Notland har laga eit felles opplegg som alle elevane på VG3 skal jobba etter. Målet er både ein litterær samtale, og at elevane til slutt skal utarbeida spørsmål til forfattaren, som kjem på besøk i november. Ein del av prosjektet går også ut på at elevane skal laga ein podkast av ein av samtalane dei har.

– Det er stort og omfattande, men aller mest kjekt, seier Hidle Stokken. 

Eit ekstraliv

For forfattar Anders Totland er dette svært godt nytt.

– Dette er utruleg stas. For det første er det veldig fint at så mange unge vaksne både skal lesa boka, og bruka tid på henne, før eg sjølv skal møta dei på skulen. Men òg at ho no finst i billigutgåve, som betyr at heilt nye lesarar kan få høve til å plukka med seg boka frå butikken. Det er rett og slett fantastisk, seier Totland.

Dei fleste bøker må kunna reknast som ferskvare, og sjølv om førsteopplaget av Vintertonar fauk ut av lageret før boka blei lansert, og det dermed måtte trykkast eit andre opplag, låg det før sommaren an til at dei få bøkene som er igjen på lageret skulle vera nok.

– No får denne boka eit slags ekstraliv, seier Totland.

Gode meldingar

Vintertonar kom ut hausten 2019, som Totland sin første roman for vaksne, og blei svært godt tatt imot. I Stavanger Aftenblad skreiv Sigmund Jensen at boka er ein godt fortalt historie om sanning, løgn, svik og løyndommar. Vidar Kvalshaug i Bok365 fann fram seksaren på terningen, og omtalte utgjevinga som ein sterk søknad om å bli hugsa langt utover bokhausten.

– Anders Totland har laga eit kammerspel der vi alle les mellom linjene og han slepp å fortelje oss at vi skal gjere det, skreiv Kvalshaug.

Eventyrleg start for Vintertonar

vintertonar pose

Ei veke etter at dei første eksemplara blei sendt ut i verda – og framleis med nokre dagar igjen til sjølve lanseringsdagen – har det hagla inn med gode tilbakemeldingar for Vintertonar, som er den første romanen min for vaksne.

Berre på desse få dagane har det gått ut så mange bøker, at det ser ut til at førsteopplaget snart kan vera utselt!

Sidan boka strengt tatt ikkje er lansert enno, har ho heller ikkje blitt anmeldt i pressa. Men i sosiale media har responsen vore heilt overveldande.

Det starta med ein av våre største poetar, Helge Torvund, som la ut denne Twitter-meldinga:

Litteraturformidlar Ine Bertelsen har òg snakka varmt om boka, og skriv at ho er ei perle av ei bok, som du ikkje kjem til å gløyma:

Tårene renner – les!

Jarl Waage, som mellom anna er Dagbla-spaltist, forteljar og pensjonert lærar, kjem med denne attesten:

Og så rulla det vidare:

Dette skreiv stortingsrepresentant Roy Steffensen:

… som førte til denne:

Også på Goodreads har responsen begynt å komma. Det første terningkastet kom med full pott, og Margrete Dyvik Cardona, som var først ut med omtale på nettstaden, skreiv dette:

En stillferdig og var skildring av en far, en sønn og en søster med tusen usagte ting imellom seg.
Hemmelighetene er spredt utover i boken på en slik måte at jeg ble stadig mer nysgjerrig på hva som lå bak.
Anbefales som høstlesning på rolige kvelder.

På Instagram skriv @livnesse dette:

Hvis du skal lese én bok i høst, en underfundig, lavmælt, lettlest og velskrevet bok, en bok på det vakreste nynorsk, en bok som sitter i magen og sjelen og bakhodet, hvis du skal lese én bok om det uforståelige i en familie: les denne. «Vintertonar» av Anders Totland er en perle av en bok. Og jeg? Jeg sitter småhulkende i sofaen og vil ikke at boka skal være slutt.

Odd Henning Johannessen i leseprosjektet Read On skriv dette på Facebook:

Anders skriv utruleg bra og fortel ei sterk historie om vanskelege relasjonar i nære familieforhold. Dette er ei bok som fortjener å få mange lesarar.

Og med ein slik start, kan det faktisk skje!

Det er berre ein ting å gjera: Løp og kjøp! Og aller helst i din lokale bokhandel.

Elles kan ho til dømes kjøpast på nett her.

Her kjem bok nummer sju, åtte og ni!

64991518_483295102429667_2983896080418078720_n

Medan fuglane kvitrar frå det mosegrodde taket, og ungane plaskar vilt i den altfor kalde sommarsjøen, går eg rundt og grublar om dagen. Ikkje at eg ikkje badar, altså, eg har vore uti fjorden minst to gonger til no i sommar. Og eg har faktisk vaska husveggene, som skal malast på sikt, sjølv om eg ikkje har tenkt å gjera noko med mosen på taket. I alle fall ikkje i år.

Men det var dei bøkene, då. Tre stykk på ein gong. Det er nesten i overkant. Men sånn er det. I løpet av dei neste vekene kjem eg ut med ei ny barnebok, ei ny sakprosabok for ungdom og min aller første roman for vaksne. Dermed har eg òg innfridd målet mitt om å debutera i ein ny sjanger kvart år. (Akkurat dette begynner å bli litt utfordrande etter kvart. Kva skal eg liksom finna på neste år? Dikt? Eller krim?!)

Etter planen hadde eg eigentleg tenkt å få ut min fjerde ungdomsroman òg i haust, men sånn gjekk det ikkje. Slik stoda er no, er den planlagt på våren nesten år, men eg blir i grunn ikkje veldig overraska om boka først dukkar opp til neste haust. Kanskje er det like greitt med ein liten pause, etter tre ungdomsromanar (Engel i snøen, Så lenge ingen ser oss og Nedteljing) på tre år. Eller kanskje ikkje, men det er no uansett sånn det har blitt.

Nok om det.

Haustens bøker har noko for dei fleste, med alt frå romfartsfakta (Ut i rommet) og bøddelassistering (Nattmannen) til mellommenneskeleg drama i Vintertonar.

Om eg ikkje tar heilt feil, er det Nattmannen som når butikkhyllene først. Boka er laga saman med Kristian Krohg-Sørensen og Kristoffer Kjølberg, som òg stod for illustrasjonane, fargelegginga og utforminga av Den norske slavehandelen i fjor. Dei har gjort ein heilt fantastisk jobb denne gongen òg, og boka har blitt ein skikkeleg godbit for unge lesarar som likar litt gørr og spenning.

Ut i rommet er ei faktafylt historie om verdsrommet og den første månelandinga. Boka er illustrert av flinke Line Halsnes, og eg kosar meg glugg kvar gong eg blar gjennom pdf-en av boka. Om eg får seia det sjølv, snakkar me her om den perfekte skulestartgåva til haustens første- og andreklassingar.

Den første vaksenromanen min veit eg ikkje heilt kva eg skal seia om. Så eg lar like godt forlaget gjera den jobben. Dette skriv Samlaget om Vintertonar:

Kan ein reparere ein knust familie?

«Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?»

Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven.

Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom. 

Ja, og så har eg forresten fått skjegg sidan sist. Tanken var at eg skulle sjå ut som ein dritseriøs forfattar, men no får eg stadig oftare høyra at eg mest liknar ein slags Taliban-aspirant, så eg veit no ikkje heilt, eg.

I kombinasjon med høyreklokkene som eg kjøpte rett før eg avslutta siste vårturneveka, fekk eg høyra av ein flokk sjetteklassingar at eg såg ut som ein litt rik uteliggar.

Det lever eg i grunn godt med (sjølv om det kanskje ikkje ser sånn ut).

Over og ut, og fred på jorda!

67202356_485276715637797_2096278493846306816_n