Bli med ut på tur

Etter tallause oppmodingar om å fortelja meir om det elleville turnélivet, har eg no tatt tyren ved horna og saka i eigne hender. Her er resultatet: Ein rein turnéblogg (trykk på linken for å komma til den nye bloggen).

(OK, det er kanskje ingen som eigentleg har bede meg om å fortelja meir om turnélivet, men det er ikkje så nøye, og dessutan er det heilt frivillig å lesa det som står her, så eg tenker det går heilt greitt. Dessutan veit alle at det ikkje finst nokon forfattarar som sel meir bøker enn bloggarane, så strengt tatt er heile dette opplegget berre eit slags marknadsføringsprosjekt, eller såkalla native marketing som reklamefolka seier.)

Sidan det ser litt dumt ut med ein heilt tom blogg, har eg allereie lagt ut nokre klassikarar frå arkivet, så lesarane har noko å kosa seg med fram til turnéhausten startar på tampen av august. Så går det slag i slag, med ørten reisedøgn til dei fleste deler av landet fram mot neste sommar.

Så lenge styresmaktene ikkje stenger skulane og biblioteka igjen, då. Det er liksom ikkje heilt det same å rapportera frå digital formidling heime i stova. Alle veit jo at det er åleine på hotellrommet eller gatekjøkenet eller ferja ein stad langt pokker i gokk det skjer.

Der eg stort sett turnerer, altså. For sånn har livet blitt. I alle fall arbeidslivet.

Rapport kjem!

Reisebrev frå hytteturne – dag 4

Etter tre nydelege dagar på dagsturhytta i Ytre Eikjum i Luster, inkludert eit kjapt stopp hos NRK sitt Sogndal-kontor, der eg snakka om Vintertonar med Studio 2-folka på P2 (du kan høyra innslaget her), var det torsdag tid for eit sceneskifte. I min praktiske turnekvardag betydde det at eg måtte svinga til venstre ut frå hotellet i Sogndal, i staden for til høgre.

Eit par mil seinare var eg framme i Leikanger, og kunne ta av oppover mot skitrekket på Kleppa. Eg må innrømma at eg stussa litt over at det skulle ta 10-15 minutt å køyra opp dit då eg såg skiltet med 6 kilometer, men stussen forsvann fort, etter kvart som leigebilen sakte, men usikkert, snirkla seg oppover ein søleskitten bygdeveg, der lastebilen før meg, som køyrde sand til eitt eller anna mål langt oppi bakkane, måtte stoppa og rygga for å klara kvar einaste sving oppover.

Eg kom likevel fram eit kvarters tid før me hadde avtalt, noko som passa perfekt, sidan eg berre hadde ein liten bolk igjen av Arne Svingen sin podkast med Helene Guåker. Dermed rakk eg å høyra ferdig om kvifor og korleis ho skriv ungdomsbøker frå rånemiljøet, noko du òg bør gjera (lytta til podkasten, altså, ikkje skriva bøkene).

Og rett før podkasten var ferdig, gjekk det lette duskregnet i lufta over til hamrande, tungt regn – og dermed var eg klar for tur, slik turar pleier å vera her på Vestlandet.

Opp eit skitrekk (heisen stod, så me måtte gå sjølv) og gjennom ei plankelagt myr, så var me framme ved hytta, der eg kunne skifta til tørre sokkar og innesko, medan to av tre klassar framleis skulle surra rundt i regnet, medan dei venta på å få sleppa til.

Denne skulen hadde nemleg ikkje nok med forfattarbesøk i dag. Resten av dagen brukte dei til orientering i skogen. Eg hadde for så vidt fått beskjed om at det skulle vera noko orientering, men eg trudde ærleg tala at det var ei slags munnleg orientering om eitt eller anna – og ikkje at dei skulle springa våte rundt i skogen i fleire timar før dei kom inn i hytta.

Men det skulle dei.

Og det blei klamt nok der inne, då 30 hormonelle sogningar med våte sokkar skulle pressa seg inn for å høyra meg snakka. Her snakkar me sak for Arbeidstilsynet, om noko slikt hadde eksistert for kunstnarar som turnerer i Den kulturelle skulesekken.

Minst!

Eg tar i alle fall ikkje for hardt i, om eg seier at eg aldri før har vore så glad for å få stå i ei døropning i 45 minutt.

Men me kom i mål, og stemninga var god, og då me kom ned igjen var alle samde om at dei hadde hatt ein fin tur.

Reisebrev frå hytteturne – dag 1

I dag starta det som er det desidert kulaste oppdraget eg nokon gong har fått som forfattar. I to veker skal eg reisa rundt på dagsturhytter som er sett opp rundt om i Sogn, for å møta ungdomsskuleelevar og snakka om bøker, klima, miljø og elles det som måtte falla oss inn.

Heile opplegget er det Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane som står bak, saman med Den kulturelle sekken, så strengt tatt er eg berre ein gratispassasjer her (eller strengt tatt ein betalt gratispassasjer, men pytt!).

Kva tid ideen oppstod, anar eg ikkje. Men resultatet er heilt fantastisk.

I heile fylket har det dei siste par åra dukka opp nye hytter. Dei er heilt like, og alle har eit lite, nynorsk bibliotek inni seg. Og det er desse hyttene eg no besøker.

Mange av hyttene er langt til fjells, så for å vera på den sikre sida har eg pakka med meg ein stappfull fjellsekk med tursko og ullklede. Her skal verken sørpe eller hagl få stoppa opplegget.

Likevel var det rimeleg digg at den første dagen var lagt til ei hytte i strandkanten. I staden for å gå på fjellet, køyrde eg berre til kaien i Solvorn, Luster, der ferda gjekk vidare i båt.

Berre sjå det føre deg: Nokon og tjue åttandeklassingar i flytedrakt og redningsvest, med skibriller og lue, sig gjennom vatnet på ein RIB med 500 hestekrefter. Ut av høgtalarane kjem noko pompøs og svulstig Grieg-musikk, medan sola bryt gjennom skyene og stiller både fjorden og fjella i sitt aller finaste lys.

Ti minutt seinare går dei i land, plukkar med seg eit vintereple frå treet utanfor hytta, og set seg til rette for å lytta til dagens attraksjon (som om eg kan konkurrera med RIB-køyringa, liksom).

Tre kvarter seinare er det over. Ei ny gruppe er på veg inn mot brygga, og åttandeklassingane går ned til sjøen for å få på seg utstyret igjen.

Berre eg blir ståande igjen på land, for å møta ei gruppe med niandeklassingar og ei gruppe med tiandeklassingar, før arbeidsdagen er over.

Det blir knapt betre enn det.

BONUSMATERIALE: Her kan du lesa essayet som ligg til grunn for formidlingsøkta, og her kan du jaggu lesa meir om dagsturhyttene òg, om du vil.

Sju fylke og ørten festivalar

Anders Totland og Ingebjørg Eik

Anders Totland og Ingebjørg Eik under markeringa av verdsdagen for psykisk helse. Foto: Mari Mehl / Grenda

Skuleåret 2018/2019 blir det turnear i Hordaland, Buskerud, Karmøy, Oppland, Trøndelag, Akershus og Troms. I tillegg kjem ei rekke festivalar og enkeltarrangement rundt om i landet, som til saman gjer at kalenderen no faktisk er heilt full fram til sommaren 2019.

Det betyr at eg no må takka nei til det aller meste eg blir invitert til det neste året. Det er sjølvsagt litt kjedeleg, samstundes som det er utruleg kjekt å vera så ettertrakta at eg har komme i denne situasjonen, drygt to år etter at eg debuterte som forfattar.

Ikkje minst passar det godt no når eg har sagt opp den faste jobben som journalist, og blir fulltidsforfattar heilt på skikkeleg.

Så no gjeld det berre å finna nok tid til å skriva, så det kjem nye bøker òg etter kvart. Den første er venta alt i august, og går alt etter planen kjem det endå ei ny bok i haust. Meir om det seinare.

No skal eg nemleg ut på jobb, i det som blir siste arbeidshelg som journalist.