Blindsone skal til Danmark!

Juhu og hurra, den nye ungdomsromanen min er selt til Danmark. Dermed har eg snart tre bøker ute på dansk. Frå før har danskane nemleg sikra seg både Engel i snøen og Så lenge ingen ser oss, og no skal altså Blindsone ut i verda.

Boka har forresten fått fleire fine tilbakemeldingar etter lanseringa. Blant anna i denne podkasten, der boka blir varmt anbefalt for både ungdom og vaksne.

Denne passar ikkje berre for ungdom, men også vaksne og alle fans av TV-serien Rådebank. Eg kjende på heile kjensleregisterert då eg las denne.

Linn Merete Smestad Bergehagen, Østre Toten Folkebibliotek

Blindsone blir elles omtalt som ei viktig bok som mange vil kjenna seg igjen i. Alvorleg, sterk, rå og brutal.

Vil du lesa meir om boka, har eg blitt intervjua av Leser søker bok, som har vore ein viktig samarbeidspartner i arbeidet med boka. Intervjuet kan du lesa her.

Ein entusiastisk lærar gav nytt liv til «Vintertonar»

Foto: Ole Magnus Endresen

Då lageret nærma seg tomt, kom ein entusiastisk lærar inn frå sidelinja. No kjem romanen til Anders Totland i pocketutgåve – og endar i lommene til fleire hundre elevar på Stord VGS.

Bak det heile står norskseksjonen på Stord vidaregåande skule. Ein av lærarane, Anett Hidle Stokken, var raskt ute og skaffa seg eit eksemplar då Vintertonar kom ut på Samlaget i august 2019, og boka gjorde inntrykk. Ideen om å ta boka inn i skulen oppstod, og så har det berre balla på seg.

– Eg tenkte at denne ville vera perfekt i arbeidet med bokbad av forfattar, i samband med festivalen Falturiltu, då den har ein del lag som elevane må diskutera seg fram til. Det som er ekstra kjekt er at elevane har eit felles prosjekt som fordjupingsoppgåve. Arbeidet med boka endar opp i ein skriftleg analyse, seier Hidle Stokken.

Kollega Vibeke Notland har laga eit felles opplegg som alle elevane på VG3 skal jobba etter. Målet er både ein litterær samtale, og at elevane til slutt skal utarbeida spørsmål til forfattaren, som kjem på besøk i november. Ein del av prosjektet går også ut på at elevane skal laga ein podkast av ein av samtalane dei har.

– Det er stort og omfattande, men aller mest kjekt, seier Hidle Stokken. 

Eit ekstraliv

For forfattar Anders Totland er dette svært godt nytt.

– Dette er utruleg stas. For det første er det veldig fint at så mange unge vaksne både skal lesa boka, og bruka tid på henne, før eg sjølv skal møta dei på skulen. Men òg at ho no finst i billigutgåve, som betyr at heilt nye lesarar kan få høve til å plukka med seg boka frå butikken. Det er rett og slett fantastisk, seier Totland.

Dei fleste bøker må kunna reknast som ferskvare, og sjølv om førsteopplaget av Vintertonar fauk ut av lageret før boka blei lansert, og det dermed måtte trykkast eit andre opplag, låg det før sommaren an til at dei få bøkene som er igjen på lageret skulle vera nok.

– No får denne boka eit slags ekstraliv, seier Totland.

Gode meldingar

Vintertonar kom ut hausten 2019, som Totland sin første roman for vaksne, og blei svært godt tatt imot. I Stavanger Aftenblad skreiv Sigmund Jensen at boka er ein godt fortalt historie om sanning, løgn, svik og løyndommar. Vidar Kvalshaug i Bok365 fann fram seksaren på terningen, og omtalte utgjevinga som ein sterk søknad om å bli hugsa langt utover bokhausten.

– Anders Totland har laga eit kammerspel der vi alle les mellom linjene og han slepp å fortelje oss at vi skal gjere det, skreiv Kvalshaug.

Her blir det faktaformidling!

faktisk

Kvar laurdag og søndag frå og med 28. mars inviterer eg sjåarane med inn i ei spennande verd av sanne, litt mørke, historier frå verkelegheita.

Det handlar om slavehandel og tortur, ære og skam. Og ikkje minst kjem det til å handla om smittsam sjukdom. Og kanskje litt om romfart?

Alle sendingane blir lagt ut på sida Faktisk frukost her på nettsidene mine, og vil du vita endå meir, finst faktabøkene mine både hos bokhandlaren og på biblioteket.

Viss du er på Facebook, kan du òg gå inn og lika dette arrangementet, så får du påminning kvar gong det blir lagt ut ein ny video.

Ei litta teaser her:

Lesestund for vaksne

anders les

Få ungane i seng, senk skuldrene, finn deg ein kopp te, og berre sett deg ned for å lytta. Frå og med søndag kveld inviterer eg til halvtimesøkter med høgtlesing frå Vintertonar, så lenge boka varer. Sendinga finn du her: https://www.facebook.com/events/1312130102508184/

Opptaket blir liggande ei stund, så om du ikkje rekk direktesendinga, vil du finna det på Facebook-sida mi.

Arrangement er både uforpliktande og gratis, men har du lyst til å bidra, set eg stor pris på donasjonar til det nyoppretta solidaritetsfondet for forfattarar i knipe: https://www.spleis.no/project/100881

Våre vener hos Forfattersentrum har tatt ansvaret med å forvalta fondet, så pengane er i dei beste hender.

Medan du ventar, kan du til dømes sjå opptaket av første live-lesinga mi, der eg las heile Engel i snøen frå start til slutt. Opptaket finn du her: https://www.facebook.com/events/538054080249517/

Eventyrleg start for Vintertonar

vintertonar pose

Ei veke etter at dei første eksemplara blei sendt ut i verda – og framleis med nokre dagar igjen til sjølve lanseringsdagen – har det hagla inn med gode tilbakemeldingar for Vintertonar, som er den første romanen min for vaksne.

Berre på desse få dagane har det gått ut så mange bøker, at det ser ut til at førsteopplaget snart kan vera utselt!

Sidan boka strengt tatt ikkje er lansert enno, har ho heller ikkje blitt anmeldt i pressa. Men i sosiale media har responsen vore heilt overveldande.

Det starta med ein av våre største poetar, Helge Torvund, som la ut denne Twitter-meldinga:

Litteraturformidlar Ine Bertelsen har òg snakka varmt om boka, og skriv at ho er ei perle av ei bok, som du ikkje kjem til å gløyma:

Tårene renner – les!

Jarl Waage, som mellom anna er Dagbla-spaltist, forteljar og pensjonert lærar, kjem med denne attesten:

Og så rulla det vidare:

Dette skreiv stortingsrepresentant Roy Steffensen:

… som førte til denne:

Også på Goodreads har responsen begynt å komma. Det første terningkastet kom med full pott, og Margrete Dyvik Cardona, som var først ut med omtale på nettstaden, skreiv dette:

En stillferdig og var skildring av en far, en sønn og en søster med tusen usagte ting imellom seg.
Hemmelighetene er spredt utover i boken på en slik måte at jeg ble stadig mer nysgjerrig på hva som lå bak.
Anbefales som høstlesning på rolige kvelder.

På Instagram skriv @livnesse dette:

Hvis du skal lese én bok i høst, en underfundig, lavmælt, lettlest og velskrevet bok, en bok på det vakreste nynorsk, en bok som sitter i magen og sjelen og bakhodet, hvis du skal lese én bok om det uforståelige i en familie: les denne. «Vintertonar» av Anders Totland er en perle av en bok. Og jeg? Jeg sitter småhulkende i sofaen og vil ikke at boka skal være slutt.

Odd Henning Johannessen i leseprosjektet Read On skriv dette på Facebook:

Anders skriv utruleg bra og fortel ei sterk historie om vanskelege relasjonar i nære familieforhold. Dette er ei bok som fortjener å få mange lesarar.

Og med ein slik start, kan det faktisk skje!

Det er berre ein ting å gjera: Løp og kjøp! Og aller helst i din lokale bokhandel.

Elles kan ho til dømes kjøpast på nett her.

Her kjem bok nummer sju, åtte og ni!

64991518_483295102429667_2983896080418078720_n

Medan fuglane kvitrar frå det mosegrodde taket, og ungane plaskar vilt i den altfor kalde sommarsjøen, går eg rundt og grublar om dagen. Ikkje at eg ikkje badar, altså, eg har vore uti fjorden minst to gonger til no i sommar. Og eg har faktisk vaska husveggene, som skal malast på sikt, sjølv om eg ikkje har tenkt å gjera noko med mosen på taket. I alle fall ikkje i år.

Men det var dei bøkene, då. Tre stykk på ein gong. Det er nesten i overkant. Men sånn er det. I løpet av dei neste vekene kjem eg ut med ei ny barnebok, ei ny sakprosabok for ungdom og min aller første roman for vaksne. Dermed har eg òg innfridd målet mitt om å debutera i ein ny sjanger kvart år. (Akkurat dette begynner å bli litt utfordrande etter kvart. Kva skal eg liksom finna på neste år? Dikt? Eller krim?!)

Etter planen hadde eg eigentleg tenkt å få ut min fjerde ungdomsroman òg i haust, men sånn gjekk det ikkje. Slik stoda er no, er den planlagt på våren nesten år, men eg blir i grunn ikkje veldig overraska om boka først dukkar opp til neste haust. Kanskje er det like greitt med ein liten pause, etter tre ungdomsromanar (Engel i snøen, Så lenge ingen ser oss og Nedteljing) på tre år. Eller kanskje ikkje, men det er no uansett sånn det har blitt.

Nok om det.

Haustens bøker har noko for dei fleste, med alt frå romfartsfakta (Ut i rommet) og bøddelassistering (Nattmannen) til mellommenneskeleg drama i Vintertonar.

Om eg ikkje tar heilt feil, er det Nattmannen som når butikkhyllene først. Boka er laga saman med Kristian Krohg-Sørensen og Kristoffer Kjølberg, som òg stod for illustrasjonane, fargelegginga og utforminga av Den norske slavehandelen i fjor. Dei har gjort ein heilt fantastisk jobb denne gongen òg, og boka har blitt ein skikkeleg godbit for unge lesarar som likar litt gørr og spenning.

Ut i rommet er ei faktafylt historie om verdsrommet og den første månelandinga. Boka er illustrert av flinke Line Halsnes, og eg kosar meg glugg kvar gong eg blar gjennom pdf-en av boka. Om eg får seia det sjølv, snakkar me her om den perfekte skulestartgåva til haustens første- og andreklassingar.

Den første vaksenromanen min veit eg ikkje heilt kva eg skal seia om. Så eg lar like godt forlaget gjera den jobben. Dette skriv Samlaget om Vintertonar:

Kan ein reparere ein knust familie?

«Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?»

Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven.

Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom. 

Ja, og så har eg forresten fått skjegg sidan sist. Tanken var at eg skulle sjå ut som ein dritseriøs forfattar, men no får eg stadig oftare høyra at eg mest liknar ein slags Taliban-aspirant, så eg veit no ikkje heilt, eg.

I kombinasjon med høyreklokkene som eg kjøpte rett før eg avslutta siste vårturneveka, fekk eg høyra av ein flokk sjetteklassingar at eg såg ut som ein litt rik uteliggar.

Det lever eg i grunn godt med (sjølv om det kanskje ikkje ser sånn ut).

Over og ut, og fred på jorda!

67202356_485276715637797_2096278493846306816_n

Særemne-spessial: Mykje meir enn du eigentleg treng å vita om Anders Totland

51526297_2119307651677694_6823627217050796032_o

Foto: Andrea Rocha Photography, NBBK

Kjære skuleelev. Truleg les du dette fordi du har tenkt å skriva særemne om meg og bøkene mine. Det synes eg er utruleg kult. Og kanskje har du tenkt, eller til og med fått beskjed av læraren din, at det er ein god ide å senda meg ein epost med spørsmål.

Det treng du ikkje gjera. Her er nemleg svar på alt du lurer på. Minst. Og finn du likevel ikkje svar på det du lurer på her, står det dritmykje om meg på internett. Ganske mykje av det er sant. Google er din ven.

Om du har prøvd dette, og framleis ikkje har fått svar på det du lurer på, som berre er heilt livsnødvendig å ha med i skuleoppgåva di, får du oppsøka ein klarsynt. Eventuelt kan du berre finna på svaret sjølv, det er minst like treffsikkert.

Men altså:

Kor finn du inspirasjon til å skriva bøker?

Eg trur ikkje på inspirasjon. Eg berre set meg ned for å jobba, og så jobbar eg. Men viss eg er skikkeleg trøytt, og kjenner at eg uansett ikkje kjem til å klara å skriva noko bra, går eg meg heller ein tur på fjellet. Eller så padlar eg ein tur, eller legg meg på sofaen og ser på Netflix.

Mange av bøkene dine handlar om veldig alvorlege tema. Er det noko spesiell grunn til at du skriv om så triste og tunge ting?

Nei. Ikkje eigentleg. Dette spørsmålet har eg forresten fått av ein god del journalistar før, og då har eg sagt at eg skriv om det som er vanskeleg fordi eg har hatt det så lett sjølv. Men det er berre tull. Journalistar er eigentleg ganske lette å lura. Så lenge du seier noko som passar til saka dei har tenkt å skriva, kan du sleppa unna med nesten kva som helst. Om du har skikkeleg god tid, kan du forresten høyra litt meir om dette (dei mørke temaa, altså, ikkje journalistluringa) i denne episoden av Sommer i P2 frå 2018.

Du skriv om død og overgrep og slavehandel og sjukdom. Kva er det eigentleg du ønskjer å oppnå med dette?

Ei anstendig årsinntekt.

Seriøst? Er det alt?

Nei, ikkje heilt. Eg er veldig glad i gode festar, og sånn sett er det bra å skriva bøker, for det finst utruleg mange festivalar og festar for litteraturfolk.

Du køddar no, sant?

Eigentleg ikkje, men viss du vil ha eit svar som tar seg betre ut i oppgåva di, kan eg sjølvsagt seia at det er fint om nokon les bøkene mine og får opp augo for kor urettferdig verda kan vera. Om dei i tillegg sit igjen med ei tru og eit håp om at det går an å gjera noko for at ting skal bli betre, er eg glad for det. Men eigentleg vil eg berre skriva gode bøker, som folk får lyst til å lesa heilt ferdig.

Det var betre. I stad verka du som ein kynisk dust.

OK.

Men du, kvifor blei du eigentleg forfattar?

Det er ei lang historie*. Men det starta då foreldra mine bestemte seg for å flytta til ei hytte i skogen utan straum, då eg var seks år gammal. Eg drøymde eigentleg om å bli profesjonell gamer, men sidan me ikkje hadde straum i hytta, blei jo det heilt umogleg. I staden fann eg meg ein kniv som eg tok med ut i skogen, der eg rissa inn korte forteljingar i barken på dei største trea. Etter fire år i skogen forstod eg at det var dette eg skulle bruka livet til. Men det var ikkje meir bark igjen på trea, så eg flytta tilbake til sivilisasjonen og fekk meg ein pc som eg kunne skriva på. Resten er historie, som det heiter.

Interessant! Dette verkar jo nesten for godt til å vera sant. Men du, noko heilt anna: Du omtalar deg sjølv som journalist, forfattar, kokk, organist, pratmakar og skrytepave. Er du ikkje redd for at folk skal oppfatta deg som… Ja, som ein skrytepave?

Eg er eigentleg ikkje så redd for kva folk trur om meg. Etter å ha vakse opp som son til ein politikar og ein prest, blir ein liksom ganske vant til at folk snakkar om det ein gjer. Det vakte til dømes ein del oppstyr då eg farga håret blått på ungdomsskulen. Det var visst ikkje så bra.

Spennande! Kan du fortelja noko meir om barndommen og oppveksten?

Nei.

Neivel, men kan du i alle fall fortelja litt om familien din, og korleis du lever og har det no?

Nei.

Ikkje eingong litt om ungane? Eg skulle gjerne visst kva dei heiter, og om dei liker å lesa bøker. Tvingar du dei til å lesa når dei helst vil gjera andre ting?

Det kjem eg ikkje til å svara på.

Kvifor ikkje?

Det er privat.

Men eg trur det vil vera veldig bra for oppgåva mi om eg veit litt meir detaljar om privatlivet ditt. Kan du i det minste dela eit barndomsminne med meg?

Nope.

Kan du seia noko om kva du tener, då? Alle seier jo at kunstnarar må leva på avkok frå ris og nudlar, for å få det til å gå rundt. Er det sant?

Eg anar jo eigentleg ikkje korleis andre har det, men for meg går det ganske greitt å vera forfattar. Kombinasjonen av å skriva nye bøker og å reisa mykje på turne, gjer at dette er den beste jobben eg nokon gong har hatt.

Men kva tener du?

Du vil ha ein sum?

Ja, så klart!

Det får du ikkje.

Eller, du kan jo søka i skattelistene, viss du vil. Men der får du berre tulletal. Frådrag og sånn, veit du. Eg har trass alt både husrenter og ungar.

No kom eg forresten på noko privat som du kan ta med. Ein gong stod far min med flagget i handa på framsida av ei avis, for å feira at han endeleg fekk lov til å bu med mor mi igjen.

Hæ? Er det sant?

Ja, det er faktisk heilt sant. Men det er eigentleg ikkje så spennande som det høyres ut. Han kjempa berre mot buplikta for prestar, og så vann han. Her kan du sjå kor blid han blei.

Han – far min altså – synes forresten at det er litt bittert at Wikipedia ikkje anerkjenner han som den mannlege delen av opphavet mitt.

Det må du nesten utdjupa.

Ja, altså, fordi mor mi både er forfattar og politikar, er det ei eiga side om henne på Wikipedia. Dermed kan ho linkast opp til sida om meg, som mor til forfattaren Anders Totland. Pappa er derimot ein heilt vanleg prest, og heilt vanlege prestar får ikkje ha eigne Wikipedia-sider. Viss eg ikkje hugsar heilt feil, prøvde han faktisk å legga inn informasjon om at han er far min ein gong, men det blei fjerna av moderatorane. Det var visst ikkje relevant.

Er det noko meir du kan fortelja om familien din, no når du først er i gang?

OK, då. Og dette er faktisk litt juicy i særemne-samanheng, trur eg. Her vankar det bonuspoeng frå læraren. Eg er nemleg i slekt med alle forfattarane som heiter Hagerup, sjølv om eg aldri har møtt ein einaste av dei. Bestefaren min var nemleg søskenbarnet til Inger Hagerup. Dermed er far min tremenning med Klaus Hagerup og hans søsken og søskenbarn, og eg er firmenning med heile neste generasjon. Og dei er ikkje få. Skal du få full utteljing på denne ekstrainformasjonen, bør du òg få med at både eg og Hagerup-gjengen òg er i slekt med Eva Weel Skram. Fedrene våre er søskenbarn, så eg og Eva er tremenningar. Om du heng med i svingane no, kan du dermed slå fast at gjengen bak megasuksessen “Snøfall” stort sett var i slekt.

Ah, dette var bra! Her kjem læraren til å få stjerner i auga. Har du meir kjendisstoff på lager?

Jepp. Eg er ikkje i slekt med Heine Totland. Og ikkje han hoff-reporteren heller. Men eg skreiv ein gong eit revynummer om ein prest med tourettes-syndrom saman med Eirik Søfteland, og han er mykje flinkare til å synga enn Heine Totland.

Han der Per Arne Totland, er du i slekt med han?

Nei.

Kva med Finn Totland?

Nei, ikkje han heller.

Finn Tokvam då?

Nei, men det hadde vore litt stilig.

Eg trur kanskje læraren kjem til å bli imponert viss eg veit noko om kva du jobbar med framover. Kan du seia noko om det?

Det kan eg. Mange forfattarar vil ikkje snakka om dei nye prosjekta sine før alt er i boks, men det er ikkje eg så redd for. No jobbar eg både med ein ny ungdomsroman, ei ny sakprosabok for ungdom, eit par barnebøker og det som truleg blir den første romanen min for vaksne. Dessutan jobbar eg med ein dystopisk trilogi om korleis det ville gått om folk frå Haugesund hadde tatt makta i heile samfunnet**.

Oi, det var mykje på ein gong.

Ja, men det er veldig korte bøker, då. Det er ingen av dei som tar meir enn ein times tid å lesa, så sjølv om eg snart nærmar meg eit tosifra tal bøker, kan du lesa deg gjennom heile forfattarskapen på ein dag.

Kjem du nokon gong til å skriva ei skikkeleg tjukk bok?

Det trur eg ikkje.

Kvifor ikkje?

Eg synest det er kjedeleg å lesa tjukke bøker. Då kan eg jo berre tenka meg kor kjedeleg det må vera å skriva dei.

OK, men for å snakka litt om dei bøkene du faktisk har skrive, då: Både “Engel i snøen“, “Så lenge ingen ser oss” og “Nedteljing” sluttar liksom litt… brått? Kva er grunnen til det?

Det var berre sånn det blei.

Eitt siste spørsmål, så skal du få fred: Korleis var du sjølv på skulen?

Ganske irriterande, trur eg. Men det vaks eg heldigvis av meg. No er eg trass alt ein superseriøs forfattar.

Eg må innrømma at dette var ganske lite fruktbart, altså. Det er jo ingenting her eg kan bruka.

Nei, kanskje ikkje. Men om du berre tar og les dei bøkene du har tenkt å skriva om, er du nesten i mål. Då boka gjekk i trykken, var eg ferdig. Sånn er det for meg kvar einaste gong eg skriv noko nytt. Korleis alt skal tolkast, og kva som skjer mellom linjene og alt det der, veit du like godt som meg. Det er i grunnen det som er oppgåva di å setja ord på. Min jobb er å skriva nye bøker.

Lykke til!

 

* Dette er berre tull, men sidan sanninga er så kjedeleg har eg dratt på litt her. Eg lever trass alt av å finna på ting.

** Dette er heller ikkje sant, men tenk så skummelt det hadde vore!

Den norske slavehandelen er ute

slaveglis

Endeleg er boka om nordmennene som deltok i den transatlantiske slavehandelen her. Og ho har jaggu blitt veldig fin, om eg får seia det sjølv.

I tillegg til teksten min, har Kristian Krohg-Sørensen stått for illustrasjonane, og Kristoffer Kjølberg har fiksa fargar og layout.

No ventar me berre i spenning på kva lesarane har å seia om boka. Den første bokmeldinga har alt komme, med fem av seks hjarte i Bergens Tidende!

Her har eg blitt intervjua om boka.

Ordknappen 2018 går til …

34825079_10160396272530103_594180872538685440_n

… Anders Totland!

Jepp, det er heilt sant. Liv Guldbrandsen sa det på Månefisken fredag kveld, før ho kviskra at eg kunne seia noko i mikrofonen viss eg ville.

Det ville eg strengt tatt ikkje, men det får då vera grenser for kor frekk ein kan vera når ein nett har tatt imot ein sånn fin pris, så eg gjekk no bort for å seia takk, i det minste. Og for å ta ein liten dans.

Neida, eg gjorde ikkje det, sjølv om det ser sånn ut på biletet. Derimot spelte eg piano og song karaoke ein liten time seinare, før eg forstod at det var på tide å forlata byen før all ære var tapt for godt.

Med i sekken hadde eg både sølvnål og diplom, i tillegg til resten av sjokoladen eg kjøpte til frukost. Dermed kunne eg halvsovande tygga i meg 12-16 ruter Helnøtt medan eg posta skrytebilete av prisgreiene på det store internettet frå sovekupeen på toget.

Men først var det altså fest. Fire forfattarar og illustratørar gjorde seg i 2017 fortent til denne heideren, og tre av oss ser sånn ut:

34759161_10160514251355437_593402010284326912_n

Mari Melilot har laga boka Alle kan sy, eg har skrive Så lenge ingen ser oss og Lisa Aisato har illustrert Jenta som ville redde bøkene.

Aisato-boka er det forresten Klaus Hagerup som har skrive. Og mor til Klaus, du veit ho der Inger, var søskenbarnet til bestefaren min, og eg veit ikkje om han likte å sy, men han strikka i alle fall sokkar, viss ikkje det var luer. Og så spøta han garn. Der har du ein ide til neste bok, Melilot!

Personen som manglar på biletet er forresten Ingelin Røssland, som har skrive boka Hevner. Sidan ho ikkje var til stades under utdelinga, tenkte eg å naska eit bilete frå Instagram-kontoen hennar, men der er det visst heilt svenske tilstandar og alt eg fann var ein svart hund. Og viss eg først må ty til dyrebilete kan eg like godt bruka dette som blei teke då høgskulestudentane på Stord laga rockeopera av Ingelin si bok Monstertanta for ørten år sidan:

339626_10150454152911397_184002533_o

Som lokalavisjournalist fekk eg då mitt første møte med forfattaren Ingelin Røssland, medan kona mi (som på heilt generelt grunnlag er den av oss som verkeleg fortener ein pris) spelte rolla som ku nummer to frå venstre i koret.

Men altså: Ordknappen!

Viss du ikkje har høyrt om han før, er det ingen vits i å googla, for eg har alt vore innom Wikipedia for å kopiera det som står der (det viste seg forresten at nynorsk Wikipedia har mykje finare omtale av prisen enn det bokmåls-Wikipedia har, så eg har sjølvsagt valt den nynorske versjonen):

Mottakarar av Ordknappen har synt eit døme på korleis bøker kan bli utvikla til i større grad å nå alle, også dei som slit med å lese vanlege bøker. Ordknappen er eit prov på at mottakaren med rette kan kalle seg «autorisert forfattarar/illustratørar for alle». Samtidig gir dei lesarane sine ein knapp å trykke på for å opne leseporten.

Og ikkje nok med det:

Mottakarane har utført ei samfunnsnyttig oppgåve, til stor hjelp både for å fremje psykisk helse, lik rett til utdanning, og ikkje minst kulturelt demokrati. Alle skal ha lik rett til kulturoppleving og informasjon. Ingen skal vere utestengde frå gleda av å lese ei god bok.

Altså, det er ikkje småtteri kva me har fått til.

Og det er heller ikkje småtteri kva Leser søker bok har bidrege med i prosessen. For meg som er fersk i forfattarfaget, og heller ikkje har noko teoretisk bakgrunn, blei dette samarbeidet ei real økt med vaksenopplæring.

Tusen takk!

 

Sju fylke og ørten festivalar

Anders Totland og Ingebjørg Eik

Anders Totland og Ingebjørg Eik under markeringa av verdsdagen for psykisk helse. Foto: Mari Mehl / Grenda

Skuleåret 2018/2019 blir det turnear i Hordaland, Buskerud, Karmøy, Oppland, Trøndelag, Akershus og Troms. I tillegg kjem ei rekke festivalar og enkeltarrangement rundt om i landet, som til saman gjer at kalenderen no faktisk er heilt full fram til sommaren 2019.

Det betyr at eg no må takka nei til det aller meste eg blir invitert til det neste året. Det er sjølvsagt litt kjedeleg, samstundes som det er utruleg kjekt å vera så ettertrakta at eg har komme i denne situasjonen, drygt to år etter at eg debuterte som forfattar.

Ikkje minst passar det godt no når eg har sagt opp den faste jobben som journalist, og blir fulltidsforfattar heilt på skikkeleg.

Så no gjeld det berre å finna nok tid til å skriva, så det kjem nye bøker òg etter kvart. Den første er venta alt i august, og går alt etter planen kjem det endå ei ny bok i haust. Meir om det seinare.

No skal eg nemleg ut på jobb, i det som blir siste arbeidshelg som journalist.