ANDERS TOTLAND

Forfattar og foredragshaldar

  • October 9, 2020

    Ein entusiastisk lærar gav nytt liv til «Vintertonar»

    Då lageret nærma seg tomt, kom ein entusiastisk lærar inn frå sidelinja. No kjem romanen til Anders Totland i pocketutgåve – og endar i lommene til fleire hundre elevar på Stord VGS. Bak det heile står norskseksjonen på Stord vidaregåande skule. Ein av lærarane, Anett Hidle Stokken, var raskt ute og skaffa seg eit eksemplar […]

  • September 26, 2020

    Kjære konfirmant!

    Kjære konfirmantar. Kjære foreldre. Og alle andre som av ulike grunnar har ein viktig nok plass i livet til desse ungdommane til at de har fått lov å vera med her i dag. Livet er fullt av kvardagar. I år har det blitt ekstra mange av dei, med alt det kjekke som har blitt avlyst […]

  • July 21, 2020

    Bli med ut på tur

    Etter tallause oppmodingar om å fortelja meir om det elleville turnélivet, har eg no tatt tyren ved horna og saka i eigne hender. Her er resultatet: Ein rein turnéblogg (trykk på linken for å komma til den nye bloggen). (OK, det er kanskje ingen som eigentleg har bede meg om å fortelja meir om turnélivet, […]

  • March 26, 2020

    Her blir det faktaformidling!

    Kvar laurdag og søndag frå og med 28. mars inviterer eg sjåarane med inn i ei spennande verd av sanne, litt mørke, historier frå verkelegheita. Det handlar om slavehandel og tortur, ære og skam. Og ikkje minst kjem det til å handla om smittsam sjukdom. Og kanskje litt om romfart? Alle sendingane blir lagt ut […]

  • March 20, 2020

    Lesestund for vaksne

    Få ungane i seng, senk skuldrene, finn deg ein kopp te, og berre sett deg ned for å lytta. Frå og med søndag kveld inviterer eg til halvtimesøkter med høgtlesing frå Vintertonar, så lenge boka varer. Sendinga finn du her: https://www.facebook.com/events/1312130102508184/ Opptaket blir liggande ei stund, så om du ikkje rekk direktesendinga, vil du finna […]

  • November 27, 2019

    Bak kulissane i Vintertonar: Bli med til Nordfjord

    Han har skrive om slavehandel over Atlanterhavet og sendt dottera til månen. Men då han skulle skriva sin aller første roman for vaksne, kom ikkje Anders Totland unna barndommens ferieparadis i Nordfjord. – Av alle stader på jorda eg har vore, er det ingen som kjem med like klare minne som feriane på Totland, seier […]

  • September 17, 2019

    Melding til potensielle oppdragsgjevarar

    Eg har no lagt inn fem ulike programforslag for skuleåret 2020/2021 i databasen til Den kulturelle skulesekken. Men som alltid vil eg prioritera festivalar og andre oppdragsgjevarar som kan skreddarsy tette, gode arbeidsdagar – gjerne med opplegg for ulike målgrupper (eg tar òg oppdrag med å intervjua andre forfattarar på scenen). Men det gjeld å […]

  • September 12, 2019

    Reisebrev frå hytteturne – dag 4

    Etter tre nydelege dagar på dagsturhytta i Ytre Eikjum i Luster, inkludert eit kjapt stopp hos NRK sitt Sogndal-kontor, der eg snakka om Vintertonar med Studio 2-folka på P2 (du kan høyra innslaget her), var det torsdag tid for eit sceneskifte. I min praktiske turnekvardag betydde det at eg måtte svinga til venstre ut frå hotellet […]

  • September 9, 2019

    Reisebrev frå hytteturne – dag 1

    I dag starta det som er det desidert kulaste oppdraget eg nokon gong har fått som forfattar. I to veker skal eg reisa rundt på dagsturhytter som er sett opp rundt om i Sogn, for å møta ungdomsskuleelevar og snakka om bøker, klima, miljø og elles det som måtte falla oss inn. Heile opplegget er […]

  • August 24, 2019

    Eventyrleg start for Vintertonar

    Ei veke etter at dei første eksemplara blei sendt ut i verda – og framleis med nokre dagar igjen til sjølve lanseringsdagen – har det hagla inn med gode tilbakemeldingar for Vintertonar, som er den første romanen min for vaksne. Berre på desse få dagane har det gått ut så mange bøker, at det ser […]

←Previous Page
1 2 3 4 … 7
Next Page→
Kontakt

Anders Totland
totlanders@gmail.com

Sida er laga med WordPress.com

 

Loading Comments...
 

    • Follow Following
      • ANDERS TOTLAND
      • Already have a WordPress.com account? Log in now.
      • ANDERS TOTLAND
      • Edit Site
      • Follow Following
      • Sign up
      • Log in
      • Report this content
      • View site in Reader
      • Manage subscriptions
      • Collapse this bar