Totlands mørke historie

Gjennom det som så langt har blitt fem bøker utgitt hos Gyldendal, skildrar Anders Totland nokre av dei mørkaste sidene av vår eiga historie. Bøkene er skrivne for ungdom, men kan godt lesast av historieinteresserte i alle aldrar.

Den første boka kom ut i 2018, og heiter Den norske slavehandelen. Her kan du lesa om nordmennene som deltok i den transatlantiske slavehandelen på 1600- og 1700-talet, både på seglskutene, på forta i Afrika og på plantasjekoloniane i Karibien.

Illustrasjon frå Den norske slavehandelen av Kristian Krohg-Sørensen.

Den norske slavehandelen blei nominert til Kulturdepartementets fagbokpris, og fekk svært gode kritikkar. Marianne Lystrup i Vårt Land omtalte boka som viktig og engasjerande, medan Guri Fjeldberg i Bergens Tidende skreiv at Den norske slavehandelen er ein viktig korreks til norske lærebøker.

Eller som Trude Aarsand skreiv i Kvinnheringen: “Med lett penn og godt språk gjer Totland det vanskelege forståeleg.”

I 2019 kom Nattmannen, som handlar om eitt av dei verste yrka me nokon sinne har hatt i dette landet. I tillegg til å tømma driten til folk, var det nattmannen som flådde hester, rydda vekk døde dyr og assisterte bøddelen. Men mest av alt er det ei bok om dei som havna på utsida av samfunnet.

Egon Låstad i Prosa oppsummerte det slik: “Totland skriver tørrvittig og poengtert om skjebnene til nattmennene på en måte som ikke bare er underholdende, men som også øker forståelsen av vår forhistorie.”

Sommaren 2022 spelte Totland også denne karakteren i musikalen Hekseringen i Moster Amfi.

Anders Totland som nattmannen i musikalen Hekseringen. Foto: Jesper Andersen

Akkurat i det verda stengde ned på grunn av smittsam sjukdom, kom den tredje boka i rekka, Lepra, ut våren 2020. Boka handlar om dei spedalske si historie, og ikkje minst om korleis denne skremmande sjukdommen påverka det norske samfunnet på 1800-talet.

Pest og plage – om verdas verste pandemiar kom i 2021, og er ei slags oppfølging av Lepra, med eigne kapittel om alle dei verste pandemiane som har herja gjennom historia. Her kan du lesa om både pest og kolera, tuberkulose og HIV – og mykje meir.

Hos Barnebokkritikk.no skreiv Andreas Ryen at “Anders Totland har skrevet en høyst aktuell og lesverdig bok som kan få et langt liv i skoleverket – lenge etter at korona-pandemien er over.”

Sist i rekka er Norske sjørøvarar – om plyndring og kapring i norske farvatn, som kom ut hausten 2022. Den handlar både om dei verkelege sjørøvarane som kom frå Noreg og reiste ut for å plyndra, og om sjørøvarane som herja langs norskekysten.

Det er òg med historier om dei som kjempa mot piratane, både i gamledagar og i moderne tid. For historia om dei verkelege piratane har aldri tatt slutt, sjølv om ho utspeler seg i andre former i dag enn for hundrevis av år sidan.

Til saman er desse bøkene eit forsøk på å formidla norsk historie for dagens ungdom, på ein spennande måte – og forfattaren reiser store deler av året rundt i landet for å formidla desse litt ukjende sidene av historia for både ungdom og vaksne.

Her kan du lesa meir om Totland sine romanar for ungdom.

Alle bøkene kan du finna på biblioteket, eller der du kjøper bøker.

Eventuelt kan dei bestillast her, både som ebok, lydbok og papirbok.

Og sånn ser sakprosabøkene ut:

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s