Velkommen til leirbålet!

Noko av det aller finaste eg veit, er å fyra opp eit bål i skogen eller i sjøkanten, og berre sitta der medan sola går ned og mørket senkar seg. Høyra knitringa frå veden som brenn, kjenna varmen, dela noko godt i koppen med nokon som gjer livet varmare.

Men kva har det med denne epost-tenesta å gjera? Vel, det er grenser for kor mange menneske det er plass til rundt det fysiske leirbålet. Men det er ingen grenser for kor mange som kan dela ei god historie. Dette er mitt forsøk på å halda ein slags kontakt med deg som gjerne skulle ha sete rundt leirbålet saman med meg, men som av ein eller anna grunn må nøya deg med den digitale varianten.

Kva du har i vente, veit eg ærleg talt ikkje. Kanskje kjem det nokre gode tilbod, kanskje litt ukritisk sjølvpromotering. Kanskje tips om bøker eller podkastar eller andre kulturopplevingar som eg ønsker å dela med fleire. Kanskje ein julekalender eller ei novelle eller eit slags innblikk i livet som forfattar og foredragshaldar. Nøyaktig kva det blir til, må nesten tida få visa. Det som derimot er sikkert, er at det kjem til å handla om forteljingar. Alltid.

Alt du må gjera, er å fylla ut dette skjemaet, og trykka på knappen. Velkommen skal du vera!

Jobbar med saka…
Yes! Du er med.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s