Vindmøllekampen i alle kanalar

“Vindmøllekampen. Historia om eit folkeopprør” har blitt svært godt mottatt. I løpet av nokre få dagar har boka fått ein handfull fine bokmeldingar, i tillegg til massiv omtale i radio, podkastar og ein heil haug med aviser.

Eit forsøk på fullstendig oversikt vil bli oppdatert nederst på sida her, men her kjem først nokre høgdepunkt:

Vi treng bøker som denne, som kan dukke ned i litt uforklarlege fenomen som oppstår, forklarar dei med innestemme og gir eit nært portrett av dei som stiller seg i vegen for anleggsmaskiner, dumparar og lastebilar lasta med vindturbinar. Anders Totland er ein solid sakprosaforfattar som handterer denne oppgåva veldig godt, og boka hans om vindkraftmotstandarane er viktig lesnad. Dessutan er den velskriven om komplisert og ofte litt kjedeleg byråkrati. Vi treng nokon som er der når vinden snur, slik Anders Totland har gjort her.

Emil André Erstad, Vårt Land

Anders Totland har skrevet en bok full av opplysende og edruelig motgift mot steile fronter hvor konspirasjonstankegang, mistro mot myndigheter og konflikt mellom folket og «eliten» polariserer en viktig debatt om fornybar energi og det grønne skiftet.

Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Anders Totland har skrive boka som gjer at du endeleg forstår vindmølledebatten (…) Han har evna til å gjera svære og kompliserte saker lette å forstå. Teksten har alltid eit godt driv og veit kor han skal. Tankerekkjene til forfattaren er tydelege og lette å følgja. Vitelysten og ønsket om å forstå skinn igjennom og smittar lett over på lesaren.

Magnus Rotevatn, Framtida.no

Totland møter menneska med ope sinn. Ei grunnleggjande sympatisk innstilling til det folkelege engasjementet vekslar med kritiske blikk på tendensane til ekstremisme og konspirasjonstenking, som også finst. Og undervegs merkar lesaren ei uro over dei harde frontane, polariseringa og mistilliten som har vakse fram, og som kan bli eit demokratisk problem.

Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

«Vindmøllekampen» er en sympatisk bok som lærer oss mye om vindkraftmotstanderne

Mímir Kristjánsson, Klassekampen

Forsøk på fullstendig liste over pressedekning av Vindmøllekampen:

Kjøp boka her!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s