Kvar laurdag og søndag frå og med 28. mars inviterer eg sjåarane med inn i ei spennande verd av sanne, litt mørke, historier frå verkelegheita.
Det handlar om slavehandel og tortur, ære og skam. Og ikkje minst kjem det til å handla om smittsam sjukdom. Og kanskje litt om romfart?
Alle sendingane blir lagt ut på sida Faktisk frukost her på nettsidene mine, og vil du vita endå meir, finst faktabøkene mine både hos bokhandlaren og på biblioteket.
Viss du er på Facebook, kan du òg gå inn og lika dette arrangementet, så får du påminning kvar gong det blir lagt ut ein ny video.
Ei litta teaser her:
Interessant med spissøyjenta som vart tvangssmitta av Armauer Hansen. Og at Armauer Hansen var første i Noreg som vart frådømt legelisensen (av sin sjef og eigen svigerfar?)
Eg spurde eingong Ole Didrik Lærum om denne saka. Han tona det litt ned og meinte at ein måtte sjå det i lys av tida. Mange legar testa td. på seg sjølv den gongen.
Men derifrå til å tvangssmitte denne jenta med sprøyte i auga er jo aldeles makabert! Bra du set fokus på det.
LikeLike