Bak kulissane i Vintertonar: Bli med til Nordfjord

Han har skrive om slavehandel over Atlanterhavet og sendt dottera til månen. Men då han skulle skriva sin aller første roman for vaksne, kom ikkje Anders Totland unna barndommens ferieparadis i Nordfjord.

– Av alle stader på jorda eg har vore, er det ingen som kjem med like klare minne som feriane på Totland, seier forfattar Anders Totland.

Kvart einaste år gjennom heile oppveksten reiste familien til den vesle bygda ved Bryggja i Vågsøy, der besteforeldra budde. Ei veke kvar sommar, heilt isolert frå omverda, før mobiltelefonen si tid, og utan fjernsyn. Der låg borna i soveposar på golvet, og aktivitetane måtte dei finna på sjølv. Som regel enda Anders opp nede ved sjøen, eller ute i robåten, med fiskestanga.

– Desse vekene kvar sommar var noko heilt anna enn livet resten av året. Me var tett på naturen, og måtte sjølv få tida til å gå. Det førte til at eg kunne stå heile formiddagar på same plassen for å fiska, eller berre gå langs fjæra og kikka. Og ikkje minst kunne eg utforska dei gamle bygningane, der det var alle moglege slags spor og restar frå dei som hadde levd på garden tidlegare, seier Totland.

Og det er akkurat dette miljøet – dei gamle bygningane som oldefaren avla fram pelsdyr i, skogen, nausta og sjøen på Totland – som har blitt ramma rundt 33-åringen sin debutroman for vaksne, «Vintertonar».

Ved å byggja heile romanuniverset rundt den vesle garden – utan at det nokon gong er uttalt i romanen – har forfattaren òg klart å snika inn ein god dose lokalhistorie, som til dømes tragedien med dåpsfølgjet som drukna midtfjords, og pionerarbeidet som blei gjort innan oppdrett av sølvrev.

Og sjølv om forfattaren tviheld på den absolutte fridommen som diktar, var det først då rammene rundt historia blei klare, at resten fall på plass.

– Det er vanskeleg å forklara, men så snart eg visste kva eg skulle sjå føre meg, kor alt skulle føregå, gjekk nesten jobben med å skriva fram karakterane og historia av seg sjølv. Det var ei utruleg befriande oppleving, seier Totland som kan gle seg over ein umiddelbar suksess for debuten.

Allereie dagen før lanseringa, var heile førsteopplaget sendt ut frå lageret. To dagar seinare kom den første bokmeldinga, med terningkast seks frå Vidar Kvalshaug i bransjemagasinet Bok 365.

«Anders Totland har laga eit kammerspel der vi alle les mellom linjene og han slepp å fortelje oss at vi skal gjere det. Forteljinga held og held tilbake, mens lesaren heile tida kjenner seg klok og ivrig til å kome seg vidare, til å hjelp Isak, systera Rakel og faren saman, om det så er for ein siste gong. Vintertonar er ein sterk søknad om å bli hugsa langt ut over bokhausten.»

Stavanger Aftenblad fann fram femmaren på terningen, og Sigmund Jensen skriv at Vinterontar har blitt ei enkel og godt fortalt historie om sanning og løgn, svik og løyndommar.

“Et fortettet kammerspill der hele essensen henges på to-tre viktige knagger, som bærer det hele og som fortellingen deretter kretser omkring, og der alt det vesentlige synes å foregå mellom linjene og i underteksten. Det hele avrundes på praktfullt vis med Beethovens «Måneskinnssonaten». Franz Liszt betegnet andre sats som «en blomst mellom to avgrunner». Og der er vi vel i grunnen ved romanens kjerne.”

Det er sånn som får forfattaren til å smila breitt.

– Eg pleier som regel å ha høge forventningar til det meste, men dette er faktisk meir enn eg kunne drøyma om, seier Anders Totland, som, for å vera heilt ærleg, har intervjua seg sjølv her.

 

Omtalar av boka:

“Vintertonar” er ei lågmælt, sterk og tankevekkjande bok. Nåtida er konkret sansa og kjenslevart formidla i eit presist og levande språk. Boka viser at folk har heilt ulike minne av same fortid, og opnar opp eit mangfald av såra livserfaringar, men er heilt utan bastante svar.

– Helge Torvund, poet

Tårene renner – les! En perle av ei bok – ei bok du ikkje glemmer.

– Ine Bertelsen, litteraturformidlar

Ei litterær perle. Ei vondgod bok som tvingar ein til å dikte med, lure, undrast. Fordi han på mesterleg vis klarer å halde att. Ikkje avsløre alt. Sluttkapittela er så gripande at denne lesaren leste og tørka tårer. Nydeleg lesnad.

– Jarl Waage, Dagbladet-spaltist, forteljar og pensjonert lærar

Anders Totland fortel historia med eit lett språk, med metaforer som gjer at eg ser for meg hendingane, personar og miljø. Konfliktene og problema vert avdekka, lag og lag, men vi får ikkje vite alt. Forfattaren fører oss fram og tilbake i tid på ein elegant og forståeleg måte. Boka er til ettertanke og gjer eit djupt inntrykk.

– Gunnar Vidnes, lærar

Velskrevet, lettlest og med så mange spørsmål at man hele tiden vil lese neste kapittel. Beste av alt, boken og spørsmålene den etterlater seg lever videre i tankene etter man er ferdig. Takk for lesegleden Anders Totland.

– Roy Steffensen, stortingsrepresentant

Har hatt gleda av å ha «Vintertonar» av Anders Totland som reisefylgje dei siste dagane i valkampen. Ei lita perle av ein roman. Ei historie der Isak søkjer seg attende til barndomsheimen. Det er vel verdt å følgja han på den reisa for å finna svar og sanning.

– Knut Arild Hareide, stortingsrepresentant

 

Forfattar Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN

Forfattar Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN

Om Anders Totland

  • Anders Totland (1986) er utdanna kokk, og har i mange år jobba som journalist og organist. Han debuterte som forfattar hausten 2015, og har dei siste fire åra gjeve ut ni bøker i ei rekke sjangrar.
  • For Engel i snøen (2016) fekk han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris, han fekk Ordknappen for Så lege ingen ser oss (2017) og Den norske slavehandelen (2018) blei nominert til Kulturdepartementet sin fagbokpris.
  • Fleire av bøkene er selt til utlandet.
  • Vintertonar er hans første roman for vaksne.