Melding til potensielle oppdragsgjevarar

Forfattar Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN

Eg har no lagt inn fem ulike programforslag for skuleåret 2020/2021 i databasen til Den kulturelle skulesekken. Men som alltid vil eg prioritera festivalar og andre oppdragsgjevarar som kan skreddarsy tette, gode arbeidsdagar – gjerne med opplegg for ulike målgrupper (eg tar òg oppdrag med å intervjua andre forfattarar på scenen).

Men det gjeld å vera tidleg ute, før kalenderen fyller seg opp. For å vera på den sikre sida, ville eg ha tatt kontakt no med ein gong, om eg var deg.

Det verkar kanskje lenge til våren 2021 akkurat no, men om eit halvår er gjerne heile neste skuleår fullbooka, og då er det for seint.

Over og ut.

Reisebrev frå hytteturne – dag 4

Etter tre nydelege dagar på dagsturhytta i Ytre Eikjum i Luster, inkludert eit kjapt stopp hos NRK sitt Sogndal-kontor, der eg snakka om Vintertonar med Studio 2-folka på P2 (du kan høyra innslaget her), var det torsdag tid for eit sceneskifte. I min praktiske turnekvardag betydde det at eg måtte svinga til venstre ut frå hotellet i Sogndal, i staden for til høgre.

Eit par mil seinare var eg framme i Leikanger, og kunne ta av oppover mot skitrekket på Kleppa. Eg må innrømma at eg stussa litt over at det skulle ta 10-15 minutt å køyra opp dit då eg såg skiltet med 6 kilometer, men stussen forsvann fort, etter kvart som leigebilen sakte, men usikkert, snirkla seg oppover ein søleskitten bygdeveg, der lastebilen før meg, som køyrde sand til eitt eller anna mål langt oppi bakkane, måtte stoppa og rygga for å klara kvar einaste sving oppover.

Eg kom likevel fram eit kvarters tid før me hadde avtalt, noko som passa perfekt, sidan eg berre hadde ein liten bolk igjen av Arne Svingen sin podkast med Helene Guåker. Dermed rakk eg å høyra ferdig om kvifor og korleis ho skriv ungdomsbøker frå rånemiljøet, noko du òg bør gjera (lytta til podkasten, altså, ikkje skriva bøkene).

Og rett før podkasten var ferdig, gjekk det lette duskregnet i lufta over til hamrande, tungt regn – og dermed var eg klar for tur, slik turar pleier å vera her på Vestlandet.

Opp eit skitrekk (heisen stod, så me måtte gå sjølv) og gjennom ei plankelagt myr, så var me framme ved hytta, der eg kunne skifta til tørre sokkar og innesko, medan to av tre klassar framleis skulle surra rundt i regnet, medan dei venta på å få sleppa til.

Denne skulen hadde nemleg ikkje nok med forfattarbesøk i dag. Resten av dagen brukte dei til orientering i skogen. Eg hadde for så vidt fått beskjed om at det skulle vera noko orientering, men eg trudde ærleg tala at det var ei slags munnleg orientering om eitt eller anna – og ikkje at dei skulle springa våte rundt i skogen i fleire timar før dei kom inn i hytta.

Men det skulle dei.

Og det blei klamt nok der inne, då 30 hormonelle sogningar med våte sokkar skulle pressa seg inn for å høyra meg snakka. Her snakkar me sak for Arbeidstilsynet, om noko slikt hadde eksistert for kunstnarar som turnerer i Den kulturelle skulesekken.

Minst!

Eg tar i alle fall ikkje for hardt i, om eg seier at eg aldri før har vore så glad for å få stå i ei døropning i 45 minutt.

Men me kom i mål, og stemninga var god, og då me kom ned igjen var alle samde om at dei hadde hatt ein fin tur.

Reisebrev frå hytteturne – dag 1

I dag starta det som er det desidert kulaste oppdraget eg nokon gong har fått som forfattar. I to veker skal eg reisa rundt på dagsturhytter som er sett opp rundt om i Sogn, for å møta ungdomsskuleelevar og snakka om bøker, klima, miljø og elles det som måtte falla oss inn.

Heile opplegget er det Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane som står bak, saman med Den kulturelle sekken, så strengt tatt er eg berre ein gratispassasjer her (eller strengt tatt ein betalt gratispassasjer, men pytt!).

Kva tid ideen oppstod, anar eg ikkje. Men resultatet er heilt fantastisk.

I heile fylket har det dei siste par åra dukka opp nye hytter. Dei er heilt like, og alle har eit lite, nynorsk bibliotek inni seg. Og det er desse hyttene eg no besøker.

Mange av hyttene er langt til fjells, så for å vera på den sikre sida har eg pakka med meg ein stappfull fjellsekk med tursko og ullklede. Her skal verken sørpe eller hagl få stoppa opplegget.

Likevel var det rimeleg digg at den første dagen var lagt til ei hytte i strandkanten. I staden for å gå på fjellet, køyrde eg berre til kaien i Solvorn, Luster, der ferda gjekk vidare i båt.

Berre sjå det føre deg: Nokon og tjue åttandeklassingar i flytedrakt og redningsvest, med skibriller og lue, sig gjennom vatnet på ein RIB med 500 hestekrefter. Ut av høgtalarane kjem noko pompøs og svulstig Grieg-musikk, medan sola bryt gjennom skyene og stiller både fjorden og fjella i sitt aller finaste lys.

Ti minutt seinare går dei i land, plukkar med seg eit vintereple frå treet utanfor hytta, og set seg til rette for å lytta til dagens attraksjon (som om eg kan konkurrera med RIB-køyringa, liksom).

Tre kvarter seinare er det over. Ei ny gruppe er på veg inn mot brygga, og åttandeklassingane går ned til sjøen for å få på seg utstyret igjen.

Berre eg blir ståande igjen på land, for å møta ei gruppe med niandeklassingar og ei gruppe med tiandeklassingar, før arbeidsdagen er over.

Det blir knapt betre enn det.

BONUSMATERIALE: Her kan du lesa essayet som ligg til grunn for formidlingsøkta, og her kan du jaggu lesa meir om dagsturhyttene òg, om du vil.