Her kjem bok nummer sju, åtte og ni!

64991518_483295102429667_2983896080418078720_n

Medan fuglane kvitrar frå det mosegrodde taket, og ungane plaskar vilt i den altfor kalde sommarsjøen, går eg rundt og grublar om dagen. Ikkje at eg ikkje badar, altså, eg har vore uti fjorden minst to gonger til no i sommar. Og eg har faktisk vaska husveggene, som skal malast på sikt, sjølv om eg ikkje har tenkt å gjera noko med mosen på taket. I alle fall ikkje i år.

Men det var dei bøkene, då. Tre stykk på ein gong. Det er nesten i overkant. Men sånn er det. I løpet av dei neste vekene kjem eg ut med ei ny barnebok, ei ny sakprosabok for ungdom og min aller første roman for vaksne. Dermed har eg òg innfridd målet mitt om å debutera i ein ny sjanger kvart år. (Akkurat dette begynner å bli litt utfordrande etter kvart. Kva skal eg liksom finna på neste år? Dikt? Eller krim?!)

Etter planen hadde eg eigentleg tenkt å få ut min fjerde ungdomsroman òg i haust, men sånn gjekk det ikkje. Slik stoda er no, er den planlagt på våren nesten år, men eg blir i grunn ikkje veldig overraska om boka først dukkar opp til neste haust. Kanskje er det like greitt med ein liten pause, etter tre ungdomsromanar (Engel i snøen, Så lenge ingen ser oss og Nedteljing) på tre år. Eller kanskje ikkje, men det er no uansett sånn det har blitt.

Nok om det.

Haustens bøker har noko for dei fleste, med alt frå romfartsfakta (Ut i rommet) og bøddelassistering (Nattmannen) til mellommenneskeleg drama i Vintertonar.

Om eg ikkje tar heilt feil, er det Nattmannen som når butikkhyllene først. Boka er laga saman med Kristian Krohg-Sørensen og Kristoffer Kjølberg, som òg stod for illustrasjonane, fargelegginga og utforminga av Den norske slavehandelen i fjor. Dei har gjort ein heilt fantastisk jobb denne gongen òg, og boka har blitt ein skikkeleg godbit for unge lesarar som likar litt gørr og spenning.

Ut i rommet er ei faktafylt historie om verdsrommet og den første månelandinga. Boka er illustrert av flinke Line Halsnes, og eg kosar meg glugg kvar gong eg blar gjennom pdf-en av boka. Om eg får seia det sjølv, snakkar me her om den perfekte skulestartgåva til haustens første- og andreklassingar.

Den første vaksenromanen min veit eg ikkje heilt kva eg skal seia om. Så eg lar like godt forlaget gjera den jobben. Dette skriv Samlaget om Vintertonar:

Kan ein reparere ein knust familie?

«Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?»

Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven.

Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom. 

Ja, og så har eg forresten fått skjegg sidan sist. Tanken var at eg skulle sjå ut som ein dritseriøs forfattar, men no får eg stadig oftare høyra at eg mest liknar ein slags Taliban-aspirant, så eg veit no ikkje heilt, eg.

I kombinasjon med høyreklokkene som eg kjøpte rett før eg avslutta siste vårturneveka, fekk eg høyra av ein flokk sjetteklassingar at eg såg ut som ein litt rik uteliggar.

Det lever eg i grunn godt med (sjølv om det kanskje ikkje ser sånn ut).

Over og ut, og fred på jorda!

67202356_485276715637797_2096278493846306816_n