Særemne-spessial: Mykje meir enn du eigentleg treng å vita om Anders Totland

51526297_2119307651677694_6823627217050796032_o

Foto: Andrea Rocha Photography, NBBK

Kjære skuleelev. Truleg les du dette fordi du har tenkt å skriva særemne om meg og bøkene mine. Det synes eg er utruleg kult. Og kanskje har du tenkt, eller til og med fått beskjed av læraren din, at det er ein god ide å senda meg ein epost med spørsmål.

Det treng du ikkje gjera. Her er nemleg svar på alt du lurer på. Minst. Og finn du likevel ikkje svar på det du lurer på her, står det dritmykje om meg på internett. Ganske mykje av det er sant. Google er din ven.

Om du har prøvd dette, og framleis ikkje har fått svar på det du lurer på, som berre er heilt livsnødvendig å ha med i skuleoppgåva di, får du oppsøka ein klarsynt. Eventuelt kan du berre finna på svaret sjølv, det er minst like treffsikkert.

Men altså:

Kor finn du inspirasjon til å skriva bøker?

Eg trur ikkje på inspirasjon. Eg berre set meg ned for å jobba, og så jobbar eg. Men viss eg er skikkeleg trøytt, og kjenner at eg uansett ikkje kjem til å klara å skriva noko bra, går eg meg heller ein tur på fjellet. Eller så padlar eg ein tur, eller legg meg på sofaen og ser på Netflix.

Mange av bøkene dine handlar om veldig alvorlege tema. Er det noko spesiell grunn til at du skriv om så triste og tunge ting?

Nei. Ikkje eigentleg. Dette spørsmålet har eg forresten fått av ein god del journalistar før, og då har eg sagt at eg skriv om det som er vanskeleg fordi eg har hatt det så lett sjølv. Men det er berre tull. Journalistar er eigentleg ganske lette å lura. Så lenge du seier noko som passar til saka dei har tenkt å skriva, kan du sleppa unna med nesten kva som helst. Om du har skikkeleg god tid, kan du forresten høyra litt meir om dette (dei mørke temaa, altså, ikkje journalistluringa) i denne episoden av Sommer i P2 frå 2018.

Du skriv om død og overgrep og slavehandel og sjukdom. Kva er det eigentleg du ønskjer å oppnå med dette?

Ei anstendig årsinntekt.

Seriøst? Er det alt?

Nei, ikkje heilt. Eg er veldig glad i gode festar, og sånn sett er det bra å skriva bøker, for det finst utruleg mange festivalar og festar for litteraturfolk.

Du køddar no, sant?

Eigentleg ikkje, men viss du vil ha eit svar som tar seg betre ut i oppgåva di, kan eg sjølvsagt seia at det er fint om nokon les bøkene mine og får opp augo for kor urettferdig verda kan vera. Om dei i tillegg sit igjen med ei tru og eit håp om at det går an å gjera noko for at ting skal bli betre, er eg glad for det. Men eigentleg vil eg berre skriva gode bøker, som folk får lyst til å lesa heilt ferdig.

Det var betre. I stad verka du som ein kynisk dust.

OK.

Men du, kvifor blei du eigentleg forfattar?

Det er ei lang historie*. Men det starta då foreldra mine bestemte seg for å flytta til ei hytte i skogen utan straum, då eg var seks år gammal. Eg drøymde eigentleg om å bli profesjonell gamer, men sidan me ikkje hadde straum i hytta, blei jo det heilt umogleg. I staden fann eg meg ein kniv som eg tok med ut i skogen, der eg rissa inn korte forteljingar i barken på dei største trea. Etter fire år i skogen forstod eg at det var dette eg skulle bruka livet til. Men det var ikkje meir bark igjen på trea, så eg flytta tilbake til sivilisasjonen og fekk meg ein pc som eg kunne skriva på. Resten er historie, som det heiter.

Interessant! Dette verkar jo nesten for godt til å vera sant. Men du, noko heilt anna: Du omtalar deg sjølv som journalist, forfattar, kokk, organist, pratmakar og skrytepave. Er du ikkje redd for at folk skal oppfatta deg som… Ja, som ein skrytepave?

Eg er eigentleg ikkje så redd for kva folk trur om meg. Etter å ha vakse opp som son til ein politikar og ein prest, blir ein liksom ganske vant til at folk snakkar om det ein gjer. Det vakte til dømes ein del oppstyr då eg farga håret blått på ungdomsskulen. Det var visst ikkje så bra.

Spennande! Kan du fortelja noko meir om barndommen og oppveksten?

Nei.

Neivel, men kan du i alle fall fortelja litt om familien din, og korleis du lever og har det no?

Nei.

Ikkje eingong litt om ungane? Eg skulle gjerne visst kva dei heiter, og om dei liker å lesa bøker. Tvingar du dei til å lesa når dei helst vil gjera andre ting?

Det kjem eg ikkje til å svara på.

Kvifor ikkje?

Det er privat.

Men eg trur det vil vera veldig bra for oppgåva mi om eg veit litt meir detaljar om privatlivet ditt. Kan du i det minste dela eit barndomsminne med meg?

Nope.

Kan du seia noko om kva du tener, då? Alle seier jo at kunstnarar må leva på avkok frå ris og nudlar, for å få det til å gå rundt. Er det sant?

Eg anar jo eigentleg ikkje korleis andre har det, men for meg går det ganske greitt å vera forfattar. Kombinasjonen av å skriva nye bøker og å reisa mykje på turne, gjer at dette er den beste jobben eg nokon gong har hatt.

Men kva tener du?

Du vil ha ein sum?

Ja, så klart!

Det får du ikkje.

Eller, du kan jo søka i skattelistene, viss du vil. Men der får du berre tulletal. Frådrag og sånn, veit du. Eg har trass alt både husrenter og ungar.

No kom eg forresten på noko privat som du kan ta med. Ein gong stod far min med flagget i handa på framsida av ei avis, for å feira at han endeleg fekk lov til å bu med mor mi igjen.

Hæ? Er det sant?

Ja, det er faktisk heilt sant. Men det er eigentleg ikkje så spennande som det høyres ut. Han kjempa berre mot buplikta for prestar, og så vann han. Her kan du sjå kor blid han blei.

Han – far min altså – synes forresten at det er litt bittert at Wikipedia ikkje anerkjenner han som den mannlege delen av opphavet mitt.

Det må du nesten utdjupa.

Ja, altså, fordi mor mi både er forfattar og politikar, er det ei eiga side om henne på Wikipedia. Dermed kan ho linkast opp til sida om meg, som mor til forfattaren Anders Totland. Pappa er derimot ein heilt vanleg prest, og heilt vanlege prestar får ikkje ha eigne Wikipedia-sider. Viss eg ikkje hugsar heilt feil, prøvde han faktisk å legga inn informasjon om at han er far min ein gong, men det blei fjerna av moderatorane. Det var visst ikkje relevant.

Er det noko meir du kan fortelja om familien din, no når du først er i gang?

OK, då. Og dette er faktisk litt juicy i særemne-samanheng, trur eg. Her vankar det bonuspoeng frå læraren. Eg er nemleg i slekt med alle forfattarane som heiter Hagerup, sjølv om eg aldri har møtt ein einaste av dei. Bestefaren min var nemleg søskenbarnet til Inger Hagerup. Dermed er far min tremenning med Klaus Hagerup og hans søsken og søskenbarn, og eg er firmenning med heile neste generasjon. Og dei er ikkje få. Skal du få full utteljing på denne ekstrainformasjonen, bør du òg få med at både eg og Hagerup-gjengen òg er i slekt med Eva Weel Skram. Fedrene våre er søskenbarn, så eg og Eva er tremenningar. Om du heng med i svingane no, kan du dermed slå fast at gjengen bak megasuksessen “Snøfall” stort sett var i slekt.

Ah, dette var bra! Her kjem læraren til å få stjerner i auga. Har du meir kjendisstoff på lager?

Jepp. Eg er ikkje i slekt med Heine Totland. Og ikkje han hoff-reporteren heller. Men eg skreiv ein gong eit revynummer om ein prest med tourettes-syndrom saman med Eirik Søfteland, og han er mykje flinkare til å synga enn Heine Totland.

Han der Per Arne Totland, er du i slekt med han?

Nei.

Kva med Finn Totland?

Nei, ikkje han heller.

Finn Tokvam då?

Nei, men det hadde vore litt stilig.

Eg trur kanskje læraren kjem til å bli imponert viss eg veit noko om kva du jobbar med framover. Kan du seia noko om det?

Det kan eg. Mange forfattarar vil ikkje snakka om dei nye prosjekta sine før alt er i boks, men det er ikkje eg så redd for. No jobbar eg både med ein ny ungdomsroman, ei ny sakprosabok for ungdom, eit par barnebøker og det som truleg blir den første romanen min for vaksne. Dessutan jobbar eg med ein dystopisk trilogi om korleis det ville gått om folk frå Haugesund hadde tatt makta i heile samfunnet**.

Oi, det var mykje på ein gong.

Ja, men det er veldig korte bøker, då. Det er ingen av dei som tar meir enn ein times tid å lesa, så sjølv om eg snart nærmar meg eit tosifra tal bøker, kan du lesa deg gjennom heile forfattarskapen på ein dag.

Kjem du nokon gong til å skriva ei skikkeleg tjukk bok?

Det trur eg ikkje.

Kvifor ikkje?

Eg synest det er kjedeleg å lesa tjukke bøker. Då kan eg jo berre tenka meg kor kjedeleg det må vera å skriva dei.

OK, men for å snakka litt om dei bøkene du faktisk har skrive, då: Både “Engel i snøen“, “Så lenge ingen ser oss” og “Nedteljing” sluttar liksom litt… brått? Kva er grunnen til det?

Det var berre sånn det blei.

Eitt siste spørsmål, så skal du få fred: Korleis var du sjølv på skulen?

Ganske irriterande, trur eg. Men det vaks eg heldigvis av meg. No er eg trass alt ein superseriøs forfattar.

Eg må innrømma at dette var ganske lite fruktbart, altså. Det er jo ingenting her eg kan bruka.

Nei, kanskje ikkje. Men om du berre tar og les dei bøkene du har tenkt å skriva om, er du nesten i mål. Då boka gjekk i trykken, var eg ferdig. Sånn er det for meg kvar einaste gong eg skriv noko nytt. Korleis alt skal tolkast, og kva som skjer mellom linjene og alt det der, veit du like godt som meg. Det er i grunnen det som er oppgåva di å setja ord på. Min jobb er å skriva nye bøker.

Lykke til!

 

* Dette er berre tull, men sidan sanninga er så kjedeleg har eg dratt på litt her. Eg lever trass alt av å finna på ting.

** Dette er heller ikkje sant, men tenk så skummelt det hadde vore!