Musikken frå Sommer i P2

Artist Endre Olsen. Foto: MARIUS KNUTSEN

Midt i rekka av lanseringsintervju for mi nye bok, Den norske slavehandelen, var eg måndag gjest i radioprogrammet Sommer i P2.

Der snakka eg om kva som gjer at eg skriv akkurat dei ungdomsbøkene eg skriv, og om kvifor eg elskar å springa i motbakke.

I tillegg til praten, fekk eg æra av å velja all musikken denne timen – og nytta høvet til å ta med meg ein fin bukett lokale artistar i studio (som han du ser på biletet, fotografert av Marius Knutsen).

Her er heile lista, for dei som vil høyra meir enn dei små smakebitane eg rakk å få med i løpet av radiotimen:

Sondre Justad: Nu har du mæ
John Martyr & the Messengers: Io
Cecilie Anna: Morning Star
Tuco’s Lounge: Bounty
Endre Olsen: Alle lyso på
Åsmund Nesse: Bånsull frå vest
Cecilie Anna: I’m Here
Endre Olsen: Den forkasta versjonen
Hopalong Knut: Bautastein

Heile programmet kan du høyra her.

Den norske slavehandelen er ute

slaveglis

Endeleg er boka om nordmennene som deltok i den transatlantiske slavehandelen her. Og ho har jaggu blitt veldig fin, om eg får seia det sjølv.

I tillegg til teksten min, har Kristian Krohg-Sørensen stått for illustrasjonane, og Kristoffer Kjølberg har fiksa fargar og layout.

No ventar me berre i spenning på kva lesarane har å seia om boka. Den første bokmeldinga har alt komme, med fem av seks hjarte i Bergens Tidende!

Her har eg blitt intervjua om boka.