Ordknappen 2018 går til …

34825079_10160396272530103_594180872538685440_n

… Anders Totland!

Jepp, det er heilt sant. Liv Guldbrandsen sa det på Månefisken fredag kveld, før ho kviskra at eg kunne seia noko i mikrofonen viss eg ville.

Det ville eg strengt tatt ikkje, men det får då vera grenser for kor frekk ein kan vera når ein nett har tatt imot ein sånn fin pris, så eg gjekk no bort for å seia takk, i det minste. Og for å ta ein liten dans.

Neida, eg gjorde ikkje det, sjølv om det ser sånn ut på biletet. Derimot spelte eg piano og song karaoke ein liten time seinare, før eg forstod at det var på tide å forlata byen før all ære var tapt for godt.

Med i sekken hadde eg både sølvnål og diplom, i tillegg til resten av sjokoladen eg kjøpte til frukost. Dermed kunne eg halvsovande tygga i meg 12-16 ruter Helnøtt medan eg posta skrytebilete av prisgreiene på det store internettet frå sovekupeen på toget.

Men først var det altså fest. Fire forfattarar og illustratørar gjorde seg i 2017 fortent til denne heideren, og tre av oss ser sånn ut:

34759161_10160514251355437_593402010284326912_n

Mari Melilot har laga boka Alle kan sy, eg har skrive Så lenge ingen ser oss og Lisa Aisato har illustrert Jenta som ville redde bøkene.

Aisato-boka er det forresten Klaus Hagerup som har skrive. Og mor til Klaus, du veit ho der Inger, var søskenbarnet til bestefaren min, og eg veit ikkje om han likte å sy, men han strikka i alle fall sokkar, viss ikkje det var luer. Og så spøta han garn. Der har du ein ide til neste bok, Melilot!

Personen som manglar på biletet er forresten Ingelin Røssland, som har skrive boka Hevner. Sidan ho ikkje var til stades under utdelinga, tenkte eg å naska eit bilete frå Instagram-kontoen hennar, men der er det visst heilt svenske tilstandar og alt eg fann var ein svart hund. Og viss eg først må ty til dyrebilete kan eg like godt bruka dette som blei teke då høgskulestudentane på Stord laga rockeopera av Ingelin si bok Monstertanta for ørten år sidan:

339626_10150454152911397_184002533_o

Som lokalavisjournalist fekk eg då mitt første møte med forfattaren Ingelin Røssland, medan kona mi (som på heilt generelt grunnlag er den av oss som verkeleg fortener ein pris) spelte rolla som ku nummer to frå venstre i koret.

Men altså: Ordknappen!

Viss du ikkje har høyrt om han før, er det ingen vits i å googla, for eg har alt vore innom Wikipedia for å kopiera det som står der (det viste seg forresten at nynorsk Wikipedia har mykje finare omtale av prisen enn det bokmåls-Wikipedia har, så eg har sjølvsagt valt den nynorske versjonen):

Mottakarar av Ordknappen har synt eit døme på korleis bøker kan bli utvikla til i større grad å nå alle, også dei som slit med å lese vanlege bøker. Ordknappen er eit prov på at mottakaren med rette kan kalle seg «autorisert forfattarar/illustratørar for alle». Samtidig gir dei lesarane sine ein knapp å trykke på for å opne leseporten.

Og ikkje nok med det:

Mottakarane har utført ei samfunnsnyttig oppgåve, til stor hjelp både for å fremje psykisk helse, lik rett til utdanning, og ikkje minst kulturelt demokrati. Alle skal ha lik rett til kulturoppleving og informasjon. Ingen skal vere utestengde frå gleda av å lese ei god bok.

Altså, det er ikkje småtteri kva me har fått til.

Og det er heller ikkje småtteri kva Leser søker bok har bidrege med i prosessen. For meg som er fersk i forfattarfaget, og heller ikkje har noko teoretisk bakgrunn, blei dette samarbeidet ei real økt med vaksenopplæring.

Tusen takk!