Sju fylke og ørten festivalar

Anders Totland og Ingebjørg Eik

Anders Totland og Ingebjørg Eik under markeringa av verdsdagen for psykisk helse. Foto: Mari Mehl / Grenda

Skuleåret 2018/2019 blir det turnear i Hordaland, Buskerud, Karmøy, Oppland, Trøndelag, Akershus og Troms. I tillegg kjem ei rekke festivalar og enkeltarrangement rundt om i landet, som til saman gjer at kalenderen no faktisk er heilt full fram til sommaren 2019.

Det betyr at eg no må takka nei til det aller meste eg blir invitert til det neste året. Det er sjølvsagt litt kjedeleg, samstundes som det er utruleg kjekt å vera så ettertrakta at eg har komme i denne situasjonen, drygt to år etter at eg debuterte som forfattar.

Ikkje minst passar det godt no når eg har sagt opp den faste jobben som journalist, og blir fulltidsforfattar heilt på skikkeleg.

Så no gjeld det berre å finna nok tid til å skriva, så det kjem nye bøker òg etter kvart. Den første er venta alt i august, og går alt etter planen kjem det endå ei ny bok i haust. Meir om det seinare.

No skal eg nemleg ut på jobb, i det som blir siste arbeidshelg som journalist.

 

Årets vakraste bokomslag

så lenge ingen ser oss omslag

Onsdag 25. april kåra Grafill fjorårets vakraste bøker. Blant dei store vinnarane var Rune Markhus, som vann ein heil drøss med prisar.

Blant anna fekk han gull i kategorien ungdomsbokomslag for ungdomsromanen Så lenge ingen ser oss. Sidan det er eg som har skrive boka, og er utruleg nøgd med arbeidet til Rune (som òg har stått for omslag, illustrasjonar og utforming av Engel i snøen), er dette sjølvsagt stor stas.

Dette skriv juryen:

Det håndtegnede symbolet i komplementærfarger på forsiden etablerer en stemning som på en dempet måte signaliserer det vonde temaet. Det samme gjør den håndskrevne typografien. Baksiden viser interiør om natten. Her er strekkoden, logoer og grafiske elementer integrert i illustrasjonen på finurlig måte.

Alle vinnarane i årets kåring finn du her.