Nytt år, nye oppdrag

FullSizeRender (9)

I løpet av kort tid har forfattaroppdraga blitt ein stor del av jobben min. Då snakkar eg ikkje om skriveoppdrag, men om oppdrag ute i felten, der eg møter ungdommar, vaksne og gamle for å lesa, spela og snakka om skriving.

Berre i haust har eg besøkt rundt 5.000 skuleelevar, og sidan i fjor haust har eg til saman delteke på åtte festivalar, i tillegg til alle enkeltoppdraga og DKS-turneane rundt om i landet.

Og eg må innrømma at det er litt rart å stå på timeplanen. Mange stader veit ikkje ein gong lærarane kva som skal skje. Det står berre “Anders Totland” på planen, og så er det opp til meg å fylla timen med innhald.

Ofte endar det i ein god kombinasjon av pianospeling, høgtlesing og prat med elevane. Og etter dei aller fleste øktene står det igjen eit lite knippe ungdommar som vil snakka meir, som har noko dei lurer på eller berre noko dei vil ha sagt. Det er dei beste dagane på jobb.

Når me no går over til 2018, har eg bra med arbeid i vente. Mellom anna har eg blitt engasjert til eit internasjonalt festivalsamarbeid, og har fleire turnear og festivalar som alt er settla. Men eg har framleis kapasitet til meir, dersom nokon vil ha besøk. Skrik ut, så kjem eg (eventuelt kan du senda ein epost til totlanders@gmail.com)!

Oversikta over dei ulike opplegga mine finn du her, men eg er ikkje vond å be om nokon ønskjer eit spesialtilpassa opplegg. Alt ordnar seg for den greie, har eg høyrt. Og for dei som har nok pengar.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s