Eg er klar for internasjonalt samarbeid

silk

Noko av det kjekkaste eg gjer som forfattar, er å vera ute blant folk. Anten det er på litteraturfestivalar eller på turne for Den kulturelle skulesekken, er det veldig fint å få møta publikum, anten dei er unge eller gamle.

Blant alle dei spennande oppdraga eg har hatt sidan eg debuterte hausten 2015, er det ein festival som særleg skil seg ut. På Skudeneshavn Internasjonale Kultur- og Litteraturfestival (SILK) verkar det nesten ikkje som om det finst grenser for kva dei kan finna på, og eg er så heldig å få vera med på moroa.

I år resulterte det blant anna i eit titals skulebesøk, ein lesekampanjefest, eit lærarseminar og ein kveld med mat, mord og musikk.

Neste år tar me dette samarbeidet endå eit hakk vidare. Gjennom SILK har eg nemleg blitt invitert inn i eit internasjonalt prosjekt, der festivalar rundt om i Europa samarbeider om å engasjera ungdom i aldersgruppa 12-18 år til å lesa litteratur og til å utfalda seg i kreativ skriving.

Prosjektet heiter «Reading for Enjoyment, Achievement and Development of Young People», og er leia av Haugaland vidaregåande skule i Haugesund. I tillegg til SILK, er festivalar frå Portugal, Spania, Irland, Italia og Storbritannia med på laget.

Og eg, då.

Spesielt kjekt er det å bli invitert inn i eit prosjekt som dette, når eg no trappar ned jobben i avisa for å få betre tid til å vera forfattar.

Nøyaktig kva eg skal gjera i dette prosjektet, kan eg ikkje seia så veldig mykje om enno. Men eg kan røpa at det handlar om møte mellom forfattar og ungdom – altså noko eg alt driv ganske mykje med.

Me har alt snakka om fleire spennande aktivitetar som kan vera aktuelle, og det kjem garantert til å bli veldig bra.

Eg gler meg i alle fall.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s