Frå nyttår blir eg forfattar på fulltid

framsidebilde 2

Då eg debuterte som forfattar for to år sidan, og eit halvt år seinare kom ut med den andre boka mi, tenkte eg heile tida at desse forfattargreiene var ein fin ting å halda på med ved sida av journalistjobben.

Lite visste eg då, om alt som var i vente. For sidan den første boka mi kom ut, har livet stort sett vore ein einaste, lang opptur, med stadig nye høgdepunkt.

Det første store målet var å gje ut ei bok. Det gjorde eg i november 2015, då barneboka Vampyrane i Eplehagen kom ut.

Og eg drøymde om å bli illustrert av Gunvor Rasmussen, noko som skjedde då eg skreiv ein av tekstane til Fantasiboka.

Og eg tenkte at det ville vera frykteleg stas å bli gjeven ut på eitt av dei store forlaga. Og skreiv Engel i snøen, som Gyldendal gav ut.

Kva no? tenkte eg då. Jo, eg kunne framleis drøyma om å bli selt til utlandet. Og blei selt til Danmark, der ABC Forlag no har kjøpt rettane til både Engel i snøen og Så lenge ingen ser oss.

Som om ikkje det var nok, har utdrag frå bøkene funne vegen til fleire antologiar.

I haust har eg òg fått oppfylt ein gammal draum, då eg gav ut kokeboka Digg saman med Marius Knutsen, og over nyttår ryktast det at noko eg har skrive òg kan komma på trykk i ei lærebok.

Og så må eg jo nemna kåringa av årets namn i avisa Grenda, der eg er ein av ti nominerte. Det er stas! Sjølv om det skal noko til å vinna, er det veldig kjekt å vera nominert.

Lærebokteksten er forresten ikkje det einaste som skjer over nyttår. Frå 1. januar 2018 går eg nemleg over i eit nytt tilvære. Då er eg ikkje lenger journalist som skriv litt bøker på fritida. Frå nyttår blir eg forfattar på fulltid.

Det betyr ikkje at eg sluttar som journalist. Men frå å vera journalist som skriv bøker, blir eg no forfattar som av og til skriv i avisa. Det er i alle fall sånn eg ser det, når eg no går ned i halv stilling som journalist, for å kunna satsa endå meir på forfattarskapen.

For det er nok å jobba med. Berre vent og sjå. Noko av det eg syslar med om dagen dukkar garantert opp i ein bokhandel nær deg, som dei seier.

One thought on “Frå nyttår blir eg forfattar på fulltid

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s