“Eg vil ikkje anbefale boka til nokon”

uprisen

Terningkastet jeg gir boka er en 3. Enkelt og greit passer den ikke meg, på grunn av dårlige beskrivelser, for mye hopp i tid og et dårlig innhold.

Sånn konkluderer Andreas frå Grim skole, etter å ha lese mi nyaste ungdomsbok, Så lenge ingen ser oss. Han er langt frå den einaste ungdommen som ikkje akkurat hoppar og jublar over boka mi.

Berre sjå kva Ruth Marie på Ringstabekk ungdomsskole skriv:

Eg meiner at boka er ganske så merkeleg. Boka er ikkje veldig bra. Den er ikkje heilt borte vekk hellar. Boka tar for seg eit seriøst tema, men den er ikkje veldig klar i bodskapet sitt. Den har ikkje en klar slutt, som gjer at lesaren ikkje for noko ut av boka. Den brukar eit viktig tema, og skapar forhåpningar som den ikkje greiar å tilfredstille. Den har ein skummel stemning, som er ganske ekkel. Eg vil ikkje anbefale boka til nokon.

Sånn er det når Foreningen !les inviterer ungdomsskuleelevar landet rundt til å lesa og meina om alle dei nye, norske ungdomsbøkene som kjem ut. Bokmeldingane blir fortløpande publisert på Uprisen.no, og det er berre fantastisk kjekt.

Ikkje berre får me som forfattarar veldig mange fleire tilbakemeldingar enn me elles ville fått, men tilbakemeldingane kjem attpåtil frå menneska som er midt i målgruppa for det me skriv. Det er ikkje kvardagskost for ungdomsbokforfattarar.

No er det kanskje ikkje heilt tilfeldig at eg er så begeistra som eg er for denne kåringa, som av alle oppegåande menneske blir rekna som landets viktigaste litteraturpris. For det første er det nokre usedvanleg trivelege folk som organiserer kåringa. For det andre fekk den første ungdomsboka mi, Engel i snøen, rekordmange bokmeldingar i fjor.

No ser det imidlertid ut til at rekorden min frå i fjor (102 bokmeldingar) kjem til å bli grundig slått av Papirfly av Liv Gulbrandsen, som i skrivande stund òg har 102 bokmeldingar, med to veker igjen til nyttår.

Så lenge ingen ser oss har òg fått bra med bokmeldingar. 22 så langt, med svært variert innhald. For det er slettes ikkje sånn at alle meiner den nye boka mi helst bør få ligga i fred i bokhylla.

Berre sjå kva Maja på Torpa barne og ungdomsskole skriv:

Jeg levde meg inn i boka fordi forfatteren forklarte veldig godt detaljer og karakterene var spennende å følge med på. Boka virket veldig troverdig. Det var en spesiell overskrift, men den passer til innholdet i boka, framsiden passet også.
Jeg gir boka terningkast 5.

Eller Erik på Rothaugen skole:

Jeg synes at denne boken bør vinne Uprisen, den er spennende å lese og forteller en viktig historie om en ungdom som blir brukt og ikke har sjansen å si noe.

Eller Emma på Ringshaug ungdomsskole:

Jeg synes boka burde nomineres til Uprisen fordi den virker troverdig og det er noe alle ungdommer burde lese. Jeg syntes boka burde få en 5 fordi den er fin og viker troverdig men samtidig var det en litt rar slutt.

Eller Sara på Rothaugen skole:

Denne boken vil jeg gi et terningkast: 5+
Fordi jeg syntes den var spennende men på en rar og god måte.

Eller Benedicte på Rothaugen skole:

Jeg synes den var veldig lett å lese og det tok ikke så lang tid å lese den. Jeg likte boken veldig godt og vil anbefale den på det sterkeste. Det var litt upassende til tider, så den passer best for barn i alderen 12+. Jeg gir den terningkast 5+.

Mi favorittmelding så langt i år, er likevel denne frå Ida Marie på Harestua skole:

Etter min mening burde boken bli nominert, grunnet et godt språk og formidling som når ut til mange ungdommer. Terningkast 3.

One thought on ““Eg vil ikkje anbefale boka til nokon”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s