Endeleg er kokeboka her!

Digg. Kokk: Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN

Årets diggaste kokebok er endeleg klar.

Kjøp boka i din lokale bokhandel, eller bestill direkte frå forlaget her.

Noko av det aller beste med å laga bøker, er når den ferdig trykte boka endeleg kjem i posten. Sjølv om me har jobba i månadsvis med innhaldet, og har sett ørten ulike utgåver på pc-skjermen, er det noko heilt anna å halda det ferdige produktet i handa.

Berre lukta av papir og trykksverte, og det å kunna sjå korleis bileta og tekstane speler saman på sidene, er rett og slett ein fryd. Ikkje minst når boka er så fin som denne!

Her er ein liten smakebit frå eit par av oppslaga, i tillegg til forordet. Vil du lesa og sjå meir, bør du aller helst springa til den lokale bokhandelen din og kjøpa boka der. Eventuelt kan du bestilla henne direkte frå forlaget her.

 

burger

 

ratatouille

 

banan

 

 

FORORD

Er det ein ting verda ikkje treng meir av, er det kokebøker. I bokhandlane er hyllene fulle av kokebøker som er laga av langt betre kokkar og meir drivne matfotografar enn oss. Dessutan finst internett, der du med få tastetrykk kan finna fram til det meste mellom himmel og jord. Oppskrifter og tips – det finst ikkje grenser for kva du kan finna om du gjer nokre enkle matsøk.

Likevel har me valt å skriva om mat. Og me har valt å gjera det i bokform. Det er det fleire grunnar til. For det første er det noko utruleg fint med å bla opp i ei heilt ekte bok, anten det er for å henta idear eller for å finna igjen ei favorittoppskrift. Men det som verkeleg driv oss, er kjærleiken til dei gode matopplevingane. Me elskar å laga mat, og me elskar å eta mat. Og den beste maten et me saman med dei me er glade i. Er me i det rette hjørnet, nøler me heller ikkje med å finna fram nokre gode flasker med heimelaga drikke, anten det er rabarbrasaft frå hagen til Anders eller IPA frå garasjen til Marius.

For maten finst ikkje i noko vakuum. Kor du får tak i råvarene, korleis maten blir laga til, kva du har i glaset, kven du er saman med når du et, og kva du gjer med restane, er alle delar av ein heilskap. Når me har valt å laga kokebok, er det denne heilskapen me vil løfta fram. Me vil vera din kamerat i kampen mot matsvinn, og ein følgjesven når du skal ut for å hausta deilige råvarer i hagen.

Me vil læra deg nokre enkle triks for å gjera kvardagsmaten litt betre, og inspirera deg til å utfordra deg sjølv på kjøkenet. Heile tida med ein tydeleg filosofi om at maten vår kan lagast av kven som helst – kor som helst. For kven er det vel eigentleg som har spuma-flaske, vakuum-maskin og sous vide-kokar heime? Det har i alle fall ikkje me. Difor har me heller ingen oppskrifter som krev dyrt utstyr frå spesialbutikkar, og ingrediensane finn du på nærbutikken. Ikkje fordi det ikkje er kjekt med spesialutstyr, men fordi me vil gjera det enkelt. Og sjølv om me har gjort vårt ytste for å gjera maten lekker, er me klinkande klare på at alle presentasjonane skal vera slik at du kan klara å etterlikna dei heime på kjøkenet. Målet vårt er at dette skal vera ei enkel, praktisk bruksbok, som til slutt blir så flekkete av saus og eggedosis at det blir vanskeleg å tolka teksten på sidene.

Me som har laga denne boka, brenn for dei gode råvarene og dei gode smakane. Me ønskjer å laga mat som speglar kvalitetane til dei ulike ingrediensane, og er opptekne av å løfta fram det særeigne i kvar gode råvare. Men me ønskjer også å slå eit slag for at litt mindre mat skal hamna i boset. Mat som kan etast, bør etast. Det høyrest gjerne både fornuftig og lett ut, men me veit av erfaring at det ofte kan vera vanskeleg når det kjem til stykket.

Difor er mange av oppskriftene i denne boka utstyrte med tips til kva du kan bruka restane til. I tillegg har me samla nokre gode resteoppskrifter på slutten, som du kan bruka til å gjera nytte av nokre av råvarene som oftast rekk å bli gamle før dei hamnar på middagsbordet.

Når me lagar mat, skal det vera enkelt. Men det skal òg vera godt. Til saman blir det digg.

Og har du enno ikkje fått med deg kor du får tak i boka, kan du klikka deg inn her og kjøpa henne direkte frå forlaget.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s