Nynorsk barnelitteraturpris til Engel i snøen

Forfattar Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN

Du ser det kanskje ikkje på biletet, men i dag er eg hoppande glad. Grunnen? Eg har vunne min første pris som forfattar.

Og det er ikkje kva som helst pris eg har fått. Nynorsk Barnelitteraturpris har tidlegare blitt vunne av fantastiske forfattarar som Ragnar Hovland, Rune Belsvik, Hans Sande, Maria Parr, Erna Osland, Arnfinn Kolerud, Anna Rommetveit Folkestad og Marit Kaldhol – berre for å nemna nokon.

For eit selskap å vera i!

Og ikkje minst er det ei fantastisk oppmuntring å få, når eg i desse dagar byrjar å skriva på det som vonleg blir den tredje ungdomsromanen min. Den andre – Så lenge ingen ser oss – er snart på veg i trykken, og kjem ut i haust. Det gjer også kokeboka Digg, som eg har laga saman med Marius Knutsen. Det er altså mykje å gle seg over om dagen.

Forresten er det Noregs Mållag som deler ut prisen, og juryen har vore sett saman av Gudrun Kløve Juuhl, Marthe Frette og Knut Åge Teigen.

Dei skriv:

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2016 har skrive ein stillferdig ungdomsroman om eit av dei store tema i litteraturen, døden. Boka er kort og lettlesen, men forfattaren klarar å formidla mykje varme, trøyst og refleksjon i den 80-sider lange forteljinga både i og mellom linjene.

Handlinga i boka føregår på eit sjukehus der eg-personen er pasient. Me vert også kjende med fleire andre av pasientane, alle born, slik som eg-personen. Det vert ikkje sagt kva type sjukdom borna har, men det er nærliggjande å tru at det dreier seg om kreft. Skildringane og eg-personen sine tankar om kvardagen og det som skjer på avdelinga, er skildra kort og nøkternt.

Sjølv om tematikken er tung og boka stillferdig, er boka tilgjengeleg for mange fordi ho ikkje er fullpakka med tekst. Boka imponerer fordi ho nærmar seg døden på ein lågmælt måte, med respekt for forteljaren og det ho ikkje vil snakka om. Boka har mykje vemod i seg, men vert aldri for sentimental.

Mykje av styrken til boka ligg i alt det som ikkje vert uttalt og ikkje vert sagt. Dette gjer boka løyndomsfull og mystisk, men på ein måte som mange ungdomslesararar truleg vil vera i stand til å gripa. Der andre ungdomsbøker verkar opptekne av at det skal skje mest mogleg med eit mest mogleg ungdomsaktig språk for å halda på lesaren, held denne boka seg i stilla og ventinga. Det er flott og modig gjort, og gjennomført på ein elegant måte.

Samspelet mellom tekst og illustrasjonar i boka er med på å forsterka stemninga og kjenslene forteljinga skapar. Snø er eit gjennomgangstema både gjennom ord og bilete, som til dømes faren si forteljing om snøkrystallar som «kjem ut av ingenting og svevar gjennom verda ei kort stund, uendeleg vakre og heilt spesielle.»

Sjølve lesinga av vinnarboka tek ikkje lang tid, men inntrykka sit lenge att. Ein sår og sterk roman som tek ungdom på alvor. Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2016 er Anders Totland med boka «Engel i snøen».

Her kan du kjøpa boka!

Advertisements

One thought on “Nynorsk barnelitteraturpris til Engel i snøen

  1. Pingback: Nynorsk barnelitteraturpris til Totland | BOK365.no

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s