Kva kan born tåla å ikkje lesa om?

DN5A1424.jpg

Kor tidleg er det greitt å introdusera born for døden? Spørsmålet fekk eg av ein NRK-journalist, i samband med at Noregs Mållag har valt å gje Nynorsk barnelitteraturpris 2016 til ungdomsromanen Engel i snøen.

Dagen etterpå hadde Klassekampen ein større reportasje om død i barnelitteraturen. Der spør Liva Johanne Ehler Molin om kor grensa går for kva barn kan tåla å lesa om. Eg meiner spørsmålet fortener å bli snudd:

Kor går grensa for kva born kan tåla å ikkje lesa om?

I Engel i snøen tar eg opp tema som liv og død, sjukdom og sorg, vennskap og sakn. Handlinga er lagt til ei sjukehusavdeling med svært sjuke born. Somme blir friske. Andre døyr. Det er brutalt, men sånn er livet. Og døden.

I mine auge er det akkurat det det handlar om. Men medan bokmeldar Fjeldberg, naturleg nok, er oppteken av kven som kan ha utbyte av å lesa boka, er mitt perspektiv eit anna. For meg handlar det ikkje berre om å ta døden på alvor. Vel så mykje handlar det om å ta dei yngste lesarane på alvor.

For ein ting er sikkert i livet: Sjølv om ingen kjenner dagen eller timen, vil det ein gong ta slutt.

Før eller seinare vil alle stifta kjennskap med døden. Dei som rekk å bli godt vaksne før dei mister nokon som står dei nær, har som regel gode føresetnader for å takla, og snakka om, det som skjer. Me som er vaksne, har eit språk for det som er vondt. Det er eitt av mange vaksenprivilegium. Gjennom livet har me lært å setja ord på kjenslene. Det gjer at me lettare kan ha meiningsfulle samtalar om vanskelege tema, slik forfattar Rebecca Back-Lauritsen var inne på i den nemnde Klassekampen-reportasjen.

Likevel går det kaldt nedover ryggen på mange vaksne, så snart nokon nemner døden. Det er ikkje noko ein går rundt og snakkar om. Ikkje før ein må. Og då er det for seint for dei små, som aldri har fått høve til å læra seg eit språk som kan setja ord på det vonde dei opplever.

Det er her litteraturen kjem inn. Bøker som er underhaldande, skremmande, morosame og triste. Me treng alle saman. Gjennom historiene og personane i bøkene kan både born og vaksne setja seg inn i andre sine liv – på godt og vondt. Det ein ikkje sjølv opplever, kan ein trena seg til å takla gjennom litteraturen. Ein kan få eit språk for det ingen orkar å snakka om.

Eitt av mine sterkaste barnebokminne er frå Brødrene Løvehjerte, der døden er til stades gjennom heile forteljinga. Og det same året som eg blei fødd, i 1986, skreiv Marit Kaldhol (som dessutan vann Nynorsk barnelitteraturpris 2015) ei av bøkene som sterkast har prega heile min generasjon. I Farvel Rune viste ho kor fint det går an å skriva om det som berre er trist.

Det er dette rommet eg vil inn i, når eg skriv om døden, eller om overgrep og foreldre som sviktar.

Eg likar ikkje å snakka om det. Men eg trur det er nødvendig.

At born og ungdom blir sjuke og døyr, eller blir utsett for overgrep, er kanskje det aller verste eg kan tenka meg. Men det skjer. Og når det skjer, er borna heilt avhengige av å ha eit språk til å setja ord på det.

Teksten stod først på trykk i Klassekampen 16. juni 2017.

Nynorsk barnelitteraturpris til Engel i snøen

Forfattar Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN

Du ser det kanskje ikkje på biletet, men i dag er eg hoppande glad. Grunnen? Eg har vunne min første pris som forfattar.

Og det er ikkje kva som helst pris eg har fått. Nynorsk Barnelitteraturpris har tidlegare blitt vunne av fantastiske forfattarar som Ragnar Hovland, Rune Belsvik, Hans Sande, Maria Parr, Erna Osland, Arnfinn Kolerud, Anna Rommetveit Folkestad og Marit Kaldhol – berre for å nemna nokon.

For eit selskap å vera i!

Og ikkje minst er det ei fantastisk oppmuntring å få, når eg i desse dagar byrjar å skriva på det som vonleg blir den tredje ungdomsromanen min. Den andre – Så lenge ingen ser oss – er snart på veg i trykken, og kjem ut i haust. Det gjer også kokeboka Digg, som eg har laga saman med Marius Knutsen. Det er altså mykje å gle seg over om dagen.

Forresten er det Noregs Mållag som deler ut prisen, og juryen har vore sett saman av Gudrun Kløve Juuhl, Marthe Frette og Knut Åge Teigen.

Dei skriv:

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2016 har skrive ein stillferdig ungdomsroman om eit av dei store tema i litteraturen, døden. Boka er kort og lettlesen, men forfattaren klarar å formidla mykje varme, trøyst og refleksjon i den 80-sider lange forteljinga både i og mellom linjene.

Handlinga i boka føregår på eit sjukehus der eg-personen er pasient. Me vert også kjende med fleire andre av pasientane, alle born, slik som eg-personen. Det vert ikkje sagt kva type sjukdom borna har, men det er nærliggjande å tru at det dreier seg om kreft. Skildringane og eg-personen sine tankar om kvardagen og det som skjer på avdelinga, er skildra kort og nøkternt.

Sjølv om tematikken er tung og boka stillferdig, er boka tilgjengeleg for mange fordi ho ikkje er fullpakka med tekst. Boka imponerer fordi ho nærmar seg døden på ein lågmælt måte, med respekt for forteljaren og det ho ikkje vil snakka om. Boka har mykje vemod i seg, men vert aldri for sentimental.

Mykje av styrken til boka ligg i alt det som ikkje vert uttalt og ikkje vert sagt. Dette gjer boka løyndomsfull og mystisk, men på ein måte som mange ungdomslesararar truleg vil vera i stand til å gripa. Der andre ungdomsbøker verkar opptekne av at det skal skje mest mogleg med eit mest mogleg ungdomsaktig språk for å halda på lesaren, held denne boka seg i stilla og ventinga. Det er flott og modig gjort, og gjennomført på ein elegant måte.

Samspelet mellom tekst og illustrasjonar i boka er med på å forsterka stemninga og kjenslene forteljinga skapar. Snø er eit gjennomgangstema både gjennom ord og bilete, som til dømes faren si forteljing om snøkrystallar som «kjem ut av ingenting og svevar gjennom verda ei kort stund, uendeleg vakre og heilt spesielle.»

Sjølve lesinga av vinnarboka tek ikkje lang tid, men inntrykka sit lenge att. Ein sår og sterk roman som tek ungdom på alvor. Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2016 er Anders Totland med boka «Engel i snøen».

Her kan du kjøpa boka!