Fantasiboka er årets vakraste bok

fantasiboka teikning

Fantasiboka er kåra til ei av dei vakraste bøkene som kom ut i 2016.

Før eg hadde komme så langt at eg hadde fått gjeve ut noko som helst sjølv, såg redaktør Simone Stibbe i Skald Forlag eit potensial i noko av det eg dreiv og skreiv på.

På dette tidspunktet hadde eg alt skrive kontrakt med Gyldendal, som skulle gje ut Engel i snøen, så manuset som hadde lege ein liten evighet på Simone sin pult, måtte leggast vekk. I alle fall inntil vidare.

Men dei gode tilbakemeldingane eg fekk, gjorde at eg manna meg opp og sa rett ut at eg gjerne kunne tenka meg å bidra dersom Gunvor Rasmussen skulle laga fleire bøker i den fantastiske serien med nynorske antologiar. Frå før hadde eg hatt stor glede av både Monsterboka og Trøysteboka, og det var ein aldri så liten draum å bli illustrert av sjølvaste Gunvor.

Til mi store glede svara Simone at dei faktisk var i innspurten med den femte og siste boka i serien. Og lurte på om eg kunne levera noko kjapt, så dei rakk å få det med.

Klart eg kan, svara eg, og sette meg ned for å skriva så det spruta. Resultatet blei den vesle historia “Fuglen i treet”, om ei lita jente og ein flaksefilur.

Det blei ei av 18 historier i Fantasiboka, som i går fekk sølv i Grafill si kåring av årets vakraste bøker. Det er stas, det. I same slengen er det verd å nemna at Rune Markhus, som no jobbar med omslag til den nye ungdomsboka mi, også fekk heider for fleire av bøkene han laga i fjor.

For ein enkel kokk frå landet, er det eit fantastisk privilegie å få jobba med så flinke folk.

Dette skriv juryen om Fantasiboka:

Et gjennomført og helhetlig visuelt univers. Ulike størrelser og plasseringen av illustrasjonene gir et variert og spennende uttrykk. Papirvalget underbygger illustrasjonsuttrykket, og de typografiske grepene bidrar til god lesbarhet hos målgruppen.

Her kan du kjøpa boka.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s