Tid for ti-turne: Dag 4

IMG_1586

Til sjarmøretappen i dag sende rett og slett fylkesbiblioteket med meg ein liten sjarmør.

Etter å hatt følgje av Ole frå Foreningen !les sidan søndag, var eg i går kveld åleine, etter at han reiste tilbake til Oslo for å vera med på utdelinga av Ungdommens kritikerpris i dag (til lukka med prisen Nina Lykke!).

Eg slapp likevel å reisa rundt åleine i dag. Som erstatning for Ole, sende fylkesbiblioteket med meg to andre ressurspersonar som skulle få æra av å presentera Tid for ti-kampanjen i Leikanger og Lærdal.

IMG_1569

For dei som ikkje er lokalkjende i Sogn og Fjordane, er det eit stykke frå Førde, der eg overnatta, til Leikanger. Så for å få logistikken til å klaffa, kom fylkesbibliotekbilen sigande opp mot hotellet før klokka var 0630.

Akkurat då kjende eg meg ganske nøyaktig sånn som måken i Måløy såg ut. Og sånn såg eg ut:

IMG_1568

På dei dryge to timane det tok å køyra til Leikanger, rakk eg likevel å vakna sånn nokolunde, og var klar for å møta nye sjuandeklassar klokka ni.

På veg inn til biblioteket oppdaga eg at Sogn Avis held til i nabolokala. Ikkje at det har så mykje med turnedagen å gjera, men eg må berre nemna det likevel, så eg har eit påskot til å skriva at det er der redaktøren med landets breiaste glis held til (han heiter Jan Inge, og eg er nesten heilt sikker på at han er bror til Signy Fardal).

IMG_1571

Inne i biblioteket fann me denne hylla, som er ein av dei verkeleg store turistattraksjonane i Sogn. Som du ser, vann hylla frå Leikanger gullmedalje i den store verdsutstillinga i Rio. Etter hyllesuksessen prøvde dei seg igjen med ein fotskammel under verdsutstillinga i Paris året etter, men måtte då sjå seg slått av Eifelltårnet.

Etter at me var ferdige i Leikanger, og elevane hadde gått, kom det plutseleg ein gjeng tilbake. Eg forstod fint lite, og hadde i grunn meir enn nok med å pakka ned sekken før me skulle køyra vidare. Men det kunne me ikkje. Ikkje med ein gong, i alle fall. Elevane ville nemleg at eg skulle skriva signaturar, og plutseleg var det trøytte måkenebbet forvandla til ein rimeleg stolt hane.

IMG_1582

Vel framme i Lærdal hadde læraren førebudd seg godt, og fylkesbibliotek-Siv og minifylkesbibliotek-Sander forstod raskt teikninga, og stilte seg opp under overskrifta på tavla, for å visa kva som kan komma ut av det elevane nettopp hadde lært om.

Deretter var det min tur igjen, og eg gjekk sjølvsagt all-in for å levera, sidan dette var den siste av dei ni øktene på turneen. Og eg trur ikkje det blei så verst, om eg skal seia det sjølv.

17194108_10158260688320570_1125068447_o

Men no er det slutt. Etter fire fine dagar i Sogn og Fjordane, er eg no på båten sørover igjen.

Takk for denne gong!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s