Tid for ti-turne: Dag 3

IMG_1555

Han høyrest ut som ein nordlending, heilt til Oslo-elitismen bryt gjennom og du ser kaffe latte-mjølkebarten som veks fram under nasen. I dag vil eg skriva litt om mannen i bakgrunnen. Møt Ole Ivar.

Han kallar seg berre Ole, men eigentleg har han eit hav av namn å by på. Ole Ivar Burås Storø, for å vera heilt nøyaktig.

I dei fleste band er det vokalisten som får mest merksemd. Kanskje ikkje så rart, sidan det er vokalisten som står fremst på scenen. I vår vesle trupp, som har reist rundt om i Sogn og Fjordane denne veka, og som eg likar å kalla Ole Ivars, er det stikk motsett (i alle fall dersom du kjøper premisset om at me er eit band, og at Ole Ivar er vokalisten).

IMG_1558

Medan Ole helst gøymer seg i bakgrunnen, og tar seg av fotografering og tidvis heilt naudsynt sufflør-verksemd (det er i seg sjølv ganske imponerande, i og med at eg ikkje har noko manus), er det pianisten som stort sett stel showet.

Ein treng berre kasta eit kjapt blikk på køyreplanen vår, så blir skeivfordelinga heilt tydeleg. Medan eg snakkar i nesten 50 minutt på kvart einaste bibliotek, må Ole nøya seg med knappe 10 minutt i starten, sjølv om det strengt tatt er Ole som tar seg av den faglege biten.

IMG_1560

På desse dagane har Ole vist seg som ein svært habil pr-medarbeidar, og eg trur aldri nokon gong #anderstotland har vore meir populær på Instagram enn denne veka.

No har Ole reist tilbake til Oslo, for å vera med på utdelinga av Ungdommens Kritikerpris i morgon. Så i morgon reiser eg utan Ole, men med fylkesbibliotek-Siv, til Leikanger og Lærdal, før eg reiser heim.

IMG_1940

Men alt har ikkje handla om Ole i dag, like lite som alt har handla om meg dei andre dagane (sjølv om reisebreva gjerne gjev inntrykk av det).

Me har også møtt litt elevar rundt om i fylket. Noko av det eg snakkar mest om når eg er ute på skulebesøk, er kvifor eg har skrive ei bok der du aldri får vita kjønnet på hovudpersonen. Utan å røpa for mykje, kan eg seia så mykje som at det handlar om at jenter er dobbelt så kule som gutar. Det er det sjølvsagt litt ekstra kjekt å snakka om på sjølvaste kvinnedagen.

FullSizeRender (8)

Kommunane me besøkte i dag var Naustdal og Jølster, og etter at me var ferdige hadde eg sett meg føre at eg skulle springa til toppen av det svære, bratte fjellet midt i Førde sentrum.

Det er så bratt at det nesten ikkje går an å tenka seg. I tillegg er det grusveg som sklir både opp og ned, så det er heilt håplaust å halda seg på beina. Om du framleis er i stuss, kan du sjå sjølv her:

IMG_1562

OK, det ser kanskje ikkje fullt så bratt ut på biletet. Men det er frykteleg bratt, altså. På veg oppover fann eg raskt ut at det ikkje berre er bratt, men at det også er for bratt. Med is på grusen var det rett og slett ikkje forsvarleg å fortsetja oppover, så eg gjekk på Picasso og åt pizza i staden.

Picasso-pizzaen var god den, men det er ein anna plass me har vore i dag som har den aller beste maten. Ikkje det at eg har prøvd han sjølv, men elevane i Naustdal lova høgt og heilagt at det er sant. Som ein av dei sa det:

“Den beste maten som finst er burgeren på Best!”

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s