Tid for ti-turne: Dag 2

IMG_1554

Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru, der er det eit sjarmerande lite bibliotek som berre har ope to dagar i veka.

Etter den gode starten i går, såg me lyst på livet då me tok fatt på turnedag nummer to i dag tidleg. Ikkje berre skulle me besøka tre bibliotek og køyra frykteleg mange mil. Me skulle også få møta ein heilt ekte forfattar!

På Vågsøy folkebibliotek, som var første stopp i dag, jobbar nemleg sjølvaste Arnfinn Kolerud.

IMG_1535

Det var elles ei heilt fantastisk oppleving å få møta elevane frå skulane Skram og Holvik. For første gong opplevde eg at nokon bad om at eg skulle snakka litt meir, då eg var ferdig.

Og ikkje nok med det. Medan eg heldt på å pakka ned – nokolunde samstundes som Kulturdepartementet sine prisar for fjorårets beste barne- og ungdomsbøker blei delt ut i Oslo – kom det ei smilande jente bort og fortalde at eg er verdas kulaste forfattar. Det er jo til å bli glad av.

Etter besøket på Vågsøy folkebibliotek hadde me ikkje meir enn tida og vegen til Flatraket skule, der me skulle stå på scenen berre ein halvtime etter at me avslutta i Måløy. Me (eller i alle fall eg) tok oss likevel tid til å studera denne krabaten, som ser ut som eit tydeleg bevis på at det er vanskeleg å vera fugl i dag, eventuelt at røyking tar liv.

Eller er det kanskje berre Kolerud som endeleg har bestemt seg for å skyta nokon?

IMG_1537

Nordlendingen Ole, som altså har mista all kontakt med bygderøtene sine, var ikkje like imponert av kadaveret i vegkanten.

“Du skal ikkje ta med deg den?” var spørsmålet som kom då eg bøyde meg ned for å ta bilete. Han var vel redd for at dei sveitte kleda frå gårdsdagens springetur skulle få følgje av litt fersk liklukt på den lange køyreturen me hadde i vente.

Ei kort stund kjende eg meg litt som Espen Askeladden, og tenkte med meg sjølv at eg har no slikt å gjera… Men så droppa eg det. Eg skulle trass alt sitja i den bilen dei neste timane sjølv òg.

IMG_1886

På Flatraket skule hadde dei verkeleg lagt seg i selen for at me skulle kjenna oss velkomne. Ikkje berre hadde rektor fått svigermor si til å baka bollar til oss. I eit slags spleiselag med kommunen hadde dei også mobilisert alle krefter i bygda for å asfaltera parkeringsplassen før me kom, så me skulle sleppa å parkera leigebilen på grusunderlag.

Sjuandeklasse på Flatraket skule er også den einaste klassen me har besøkt, der heile klassen rekte opp handa då Ole spurde om kven som likar å lesa. Applaus til dei!

Vidare mot kommunesenteret Selje fekk eg god nytte av den årelange erfaringa frå kronglete vestlandsvegar, medan Ole stort sett brukte reisetida til å oppdatera Instagram-kontoen til Foreningen !les.

IMG_1542

Vel framme blei me møtt av ein smilande bibliotekar, som både hadde funne fram kaffi og smurt lefser. Før økta i biblioteket rakk me også å sjå oss litt rundt down town.

Selje sentrum er kanskje ikkje Grünerløkka, men har til gjengjeld ei nydeleg strand. Sjå berre her:

IMG_1541

Ei svært gledeleg overrasking i Selje, var at sjuandeklassen me fekk møta hadde jobba godt og grundig med leseaksjonen me trass alt er ute for å snakka om. Ikkje berre hadde dei lese tekstutdraga i Tid for ti-antologien. Dei hadde også jobba med tekstane, og skrive ned kva dei syntest om dei ulike tekstane.

Dermed fekk me noko å snakka om i bilen, då me etter kvart kom oss ut på vegen igjen. Det kom godt med, for turen frå Selje til Førde er ikkje nett noko snartur. Faktisk måtte me innom Møre og Romsdal ein tur. Så no har eg vore der òg.

FullSizeRender (6)

Med innlagt venting på ferjekaien, fordi ferja var full (for løkkahipster Ole var det ei oppleving i seg sjølv å sjå korleis det går an å flytta bilen frå eitt oppstillingsfelt til eit anna med ein yoghurt i eine handa og ei skei i den andre), tok reisa godt og vel tre timar, før me endeleg kunne parkera leigebilen hos Firda Billag.

Deretter var det tid for å lufta kroppen og vitet, og det var rett ut på landevegen igjen. Eller, det heiter kanskje ikkje landevegen i Førde. Her har dei nemleg både rundkøyring og trafikklys. Dessutan har dei svære hus der alle bueiningane har kvar sin grill av kondemnert varmtvasstank på terassen.

IMG_1548

Etter det fantastiske måltidet i Måløy i går kveld, var forventningane store til dagens middag. Etter fleire tilrådingar, valte me restauranten Pikant, rett ved elva i Førde.

“Kva har du som er godt?” spurde eg servitøren.

“Alt me har er godt,” sa ho, før ho presiserte: “Men me er tomme for alle hovudrettane.”

“Er de tomme for alle hovudrettane?” spurde eg. Det byrja trass alt å bli nokre timar sidan me fekk bollar av svigermor til rektor på Flatraket.

“Eller, me har andebryst,” sa servitøren, og ante neppe at andebrystet var det einaste som var utselt i Måløy i går kveld.

“Då tar eg eit andebryst,” sa eg, og sette meg spent ned for å venta på eit realt herremåltid.

Det blei det ikkje. Anda var grei, og grønsakene slappe. Den største prestasjonen til Pikant var i grunn at dei fekk meg til å lengta tilbake til Måløy.

Men nok om det. I morgon er det kvinnedagen. Då har fylkesbiblioteket skaffa oss ein kvinneleg sjåfør (eg trur ho er niesa til han der Michael Schumacher) som skal frakta oss rundt i fylket. Det blir bra.

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s