Tid for ti-turne: Dag 1

IMG_1859

Turnelivet er ikkje berre glitter og glam. Det er også springing langs forlatte landevegar og restaurantar som stengjer før me kjem fram. Og eit fantastisk fiskemåltid, der ingen skulle tru at nokon kunne laga mat.

Strengt tatt er me no komne til dag 2, sidan me kom til Sogn og Fjordane søndag kveld. Med fly frå kvar vår kant av landet, møttest me på mellomlandingsflyplassen Sogndal, før me fauk vidare til Sandane og fann ein leigebil som stod og venta på oss.

Nokre få kilometer, ein rask ferjetur, og nokre få kilometer til seinare, kunne me endeleg sparka av oss skorne på Nordfjordeid, der fylkesbiblioteket meinte me skulle overnatta. Det dei ikkje sa noko om før me reiste, var at det einaste mattilbodet på Eid ein søndag kveld, var å finna på Statoil – eller Circle K, som dei visst nok kallar seg no.

Heldigvis er det mykje mat i godt øl. Og nordlending Ole, som for lengst har blitt ein del av den kaffe latte-drikkande Oslo-eliten, kunne tørt konstatera at dei serverte Frydenlund (Oslo-øl) i baren. Som han sa til kvinna i baren: “Det skreiv ikkje ordføraren noko om i Facebook-innlegget sitt.”

Måndag morgon – altså i dag – starta sjølve formidlingsturneen i det vidgjetne operahuset på Eid. Det var berre eit steinkast unna hotellet, men Ole frykta likevel at me aldri skulle rekka fram i tide. Medan han fortærte hotellfrukosten i fred og ro, kom det ei uro snikande og sette seg på speilegget hans eit lite stykke uti Hotel California, som blei spelt på høgtalaranlegget. “You can check in, but you can never leave,” song The Eagles. Heldigvis tok dei feil.

IMG_1849

Noko opera blei det likevel ikkje. Det nærmaste me kom, var det eine spørsmålet gjengen frå Kjøllsdalen Montesorriskule stilte då det gjekk mot slutten:

“Kan du spela noko av Marcus og Martinus?”

“Klart eg kan,” sa eg. Og så gjorde eg det.

IMG_1844

Neste stopp var i Stryn, og på veg innover gjorde Ole det obligatoriske google-søket, og fann ut at bygda me skulle besøka har fostra store stjerner som Røkke og Reitan og Mariann i Surferosa. Oppjaga av spelinga i operahuset, ville Ole vita om eg kanskje skulle spela noko Surferosa i Stryn. Men altså, heilt seriøst: Det får då vera grenser. Me er trass alt på turne for å fremja nynorsk litteratur, og ikkje ein rølpete road trip.

Det er forresten ikkje heilt godt å vita. Ole har nemleg fått ein god del epost i det siste frå folk som vil vera med i Tid for hjem. Eg har foreslått at han skal be dei setja pengane inn på konto, så kan han ta kontakt seinare. Men neidå. I staden svarar han at han er litt opptatt med ein turne om dagen, og ber dei kontakta TV2. Dette bør dei legga seg på minne der inne i Kulturrådet, neste gong Foreningen !les påstår at dei har for lite pengar.

IMG_1515

Men Stryn, altså. Det er ein bra plass, og etter ein god lunsj på biblioteket var bortimot 50 elevar klare for oss. Eg rakk knapt å opna munnen før spørsmåla frå elevane kom som perler for svin. Dette spørsmålet likte eg best:

Elev: “Har du kjærast?”

Eg: “Ja”

Elev: “Er ho fin?”

Eg: “Ho er dritdeilig!”

Om eg skal vera litt streng, var dette strengt tatt ein heilt unødvendig samtale. Hadde skulen gjort littegrann research på førehand (til dømes ved å lesa gjennom alt som står inne på kjøkenhagebloggen min), hadde dei funne denne biletteksten, som seier det meste:

bilettekst

Etter ein lengre samtale med dei engasjerte bibliotekarane i Stryn, om urter og interiør (skuffande nok var det ingen som tok opp Surferosa-Mariann som samtaletema) reiste me etterpå tilbake til Eid, og vidare utover mot Måløy.

Sånn ca halvvegs køyrde me forbi eit Totland-skilt, som faktisk er den staden eg har namnet mitt frå. Ole prøvde å ta bilete i fart, men fekk det ikkje til. Så her som det skulle vore eit skilt-bilete, kjem det i staden eit nytt bilete av Ole, frå formidlingssituasjonen i Stryn.

IMG_1518

Det høyrer med til historia at eg ikkje berre har namnet mitt frå Totland i Nordfjord. Eg har også far min frå denne vesle bygda ved fjorden. Og så vidt eg kan hugsa, har han gjennom heile oppveksten min sagt at Måløy er ein plass ein held seg unna, om ein kan. Han har gått på ungdomsskule der, så han snakkar av erfaring. No høyrer det også med at eg innimellom hugsar ting som aldri har skjedd, og særleg dersom det passar godt inn i historia eg held på å fortelja.

Men i alle fall: I god tid før me kom fram til Måløy, åtvara eg Ole om at det lukta gammal fiskeindustri over heile øya. Den varme tilrådinga frå Stryn-bibliotekarane om å oppsøkja Måløy sin eksklusive sushi-restaurant falma kanskje litt i den imaginære sneken av gammal fisk. Men me tenkte oss no ein tur på sushi-restaurant likevel. Hovudstadssnobben lar seg ikkje skremma så lett.

Vel framme i Måløy oppstod ei viss forvirring i leigebilen, då kartlesar Ole stadig vekk refererte til Gate 1 og Gate 2.

IMG_1525

“Heiter dei Gate 1 og Gate 2?” spurde eg.

“Ja, og det heiter Gate 3, 4, 5, 6, 7, 8 og 9 òg,” sa Ole, og meir var det strengt tatt ikkje å seia om det.

Men tru ikkje at tilsynelatande velorganiserte gater gjer det tilsvarande lett å finna fram. Husa i Måløy er nemleg bygt frykteleg tett, og dei har dessutan einvegskøyrde gater. Gate 1, til dømes. Eller Gate 2, eg er ikkje heilt sikker. Og kven er eigentleg han Martin Linge?

IMG_1865

Til slutt klarte me å parkera bilen, og fann hotellet. Heldigvis ligg det nesten rett over vegen frå biblioteket, så me har kort veg til jobb i morgon tidleg. Det som var hakket mindre heldig, var at sushi-restauranten, som har eit slags fransk eller italiensk namn, har stengt på måndagar. Og ikkje lukta det fiskeindustri, heller.

Etter nesten eit døgns partnarskap var det endeleg tid for litt åleinetid for treningsstudio-Ole og springa langs landevegen-Anders. Noko av det fine med å springa langs landevegen i svært rasutsette strok, er at det blir laga tunnelar som tar all trafikken, medan me som er ute og spring får heile sjøutsikta for oss sjølv. Som her:

IMG_1522

Etter ein kjapp dusj, og ein kaffi i hotellbaren, var me endeleg klare til å utforska serveringstilbodet i det som i lærebøkene på kokkelinja blei omtalt som Noregs fiskehovudstad. Sidan sushi-fusion-restauranten held stengt på måndagar, måtte me nøya oss med ein slags restaurant som heiter Kraftstasjonen.

“Er det liksom kjøtkaker og komle, det?” spurde eg i hotellresepsjonen, og fekk eit litt nølande “Njaæh” til svar.

IMG_1529

Etter kvart forstod eg litt meir av svaret. For det første var menyen til Kraftstasjonen, som me fekk sjå i hotellresepsjonen, av den heller imponerande sorten, og eg fekk umiddelbart lyst på andebryst. Vel framme i restaurantlokala hadde me heile restauranten for oss sjølv, og eg spurde, eigentleg mest for å småprata, om dei hadde alt på menyen.

“Nei, det kjem eit stort lag som har bestilt alt me har av andebryst, så det har me ikkje meir igjen av,” sa servitøren.

Der rauk den planen.

“Men eg kan anbefala dagens fisk. Det er ein veldig god torsk,” forklarte ho vidare, og la ut om heile produksjonslinja frå fangst til servering – alt lokalt.

“Det er ikkje noko sånn frossenfisk som du får i byen, dette,” sa ho, i  god Eid-ordførar-ånd.

Og jaggu hadde ho rett. Fisken dei serverte var rett og slett ei aldri så lita kulinarisk oppleving. Så skal du til Måløy, vil eg på det sterkaste tilrå at du stikk innom Kraftstasjonen. Der kan dei fisken sin. Og det luktar ikkje eingong fiskeindustri.

 

 

Advertisements

One thought on “Tid for ti-turne: Dag 1

  1. Pingback: Når Totland-kverulanten vaknar | Foreningen les

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s