12 månader, 6 bøker

bokene-mine

Så kort kan det første året mitt som forfattar oppsummerast. Heilt vilt, seier du? Eg òg.

For dette har vore litt av eit år. Sidan eg debuterte med Vampyrane i Eplehagen i november i fjor, til antologien Tid for ti kom i posten i dag, har det vore ein einaste lang fest.

Rett nok er det berre to av desse bøkene eg har skrive heilt sjølv. Ei av dei andre er den danske oversetjinga av Engel i snøen, i Fantasiboka har eg berre skrive ein av ganske mange tekstar, og i dei to antologiane er det utdrag frå Engel i snøen som er med. Men eg er med, og det er det viktigaste, i alle fall for meg.

Og som både kona, redaktørane og sjefen min veit, er eg ei utålmodig sjel, og vil helst at alt skal skje på ein gong. Det endar ofte med at eg irriterer meg over kor treigt alt går – og spesielt i bokverda.

Når eg no ser tilbake på dei første 12 månadane sidan eg debuterte, lyt eg likevel vedgå at det har skjedd ein del. Og det har skjedd mykje meir enn eg hadde våga å håpa på for eit år sidan.

No ligg det faktisk ein stabel med bøker i stova, som alle har mitt namn i seg. Det er berre heilt sprøtt, og utruleg kjekt. Og enno har eg berre så vidt starta.

Huhei som det går, og god førjulstid!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s