Kåring av årets ungdomsbok

FARGE_UPrisen_årets ungdomsbok

Går du på ungdomsskulen, og har lese Engel i snøen? Då kan du skriva di eiga bokmelding på Uprisen.no, og bidra til kåringa av årets ungdomsbok.

Uprisen er ungdommen si eiga kåring av årets beste ungdomsbok. Kvart år deltar rundt 1.000 ungdommar i kåringa, som har tre ledd:

  1. Ungdom melder alle norske ungdomsbøker frå inneverande år. Bokmeldingane blir skrivne og lagt inn i Uprisen sin base i haustsemesteret. Basen stengjer 15. desember. Alle ungdom i ungdomsskulealder kan registrera seg og melda. For å sikra at alle aktuelle bøker blir meldt utnemner Foreningen !les 20 meldarklassar som får tilsendt meldareksemplar mot å melda bøkene.
  2. I desember blir alle bokmeldingane samla og sendt til nominasjonsjuryen. Nominasjonsjuryen består av tre ungdommar i ungdomsskulealder. Jurymedlemmene blir valt ut basert på søknader. Plassane i juryen blir lyst ut på nettsidene til Uprisen i oktober. I 2012 mottok dei 33 søknader. Nominasjonsjuryen si oppgåve er å nominera fem bøker basert på bokmeldingane. Nominasjonsmøte er i midten av januar. Dagen etter blir nominasjonane offentleggjort. Juryen har også høve til å laga ei langliste over bøker som i tillegg til dei nominerte fortener heiderleg omtale.
  3. Dei fem nominerte bøkene blir sendt vidare til sju juryklassar frå sju ulike fylke. Juryklassane si oppgåve er å lesa og diskutera dei nominerte bøkene grundig. På storjurymøte dagen før prisutdelinga møtes to representantar frå kvar juryklasse og diskuterer seg fram til ein vinnar.

 

Prisen blir delt ut under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer siste torsdag i mai.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s