Tekstar frå eit skrivekurs

Her er nokre smakebitar av resultatet etter UKM-skrivekurset eg hadde på Husnes.

I samband med årets UKM, blei eg spurt om å ha ein work shop med skriveglade ungdommar på biblioteket på Husnes. Oppdraget passa godt inn i rekka av ting eg aldri har gjort før, og så vidt eg forstod på deltakarane gjekk det ikkje så aller verst heller.

Kurset varte i tre timar, delt inn i bolkar med ulike opplegg. I alle bolkane fekk deltakarane skriva sjølv, så dei var verkeleg deltakarar, og ikkje tilhøyrarar.

Her er to tekstar som deltakarane skreiv i første delen av kurset, som eg har fått lov til å legga ut her. Oppgåva var å skriva noko – kva som helst – på 20 minutt, utan tid til å førebu seg.

Den første er signert Joar Dale Landa:

Eg ser ho i augne. Kjapt snur eg meg vekk. Eg snur meg ikkje fordi eg har lyst, men fordi eg er redd. Redd for at sannheten skal komme ut. Eg er redd for kva som vil skje. Kva skulle eg gjort dersom ho visste?Ein del av meg vil at ho skal vite den. Eg synast me er så like. Kanskje me er så like at me tenker det samme? Kanskje ho og har ein hemmelighet som ho vil skjule? Kanskje ho og såg rett vekk etterpå? Det var tross alt to par auge som møtte. Møtte i eit halvt sekund. I eit halvt sekund var eg ikkje i norsktimen. I eit halvt sekund var det ikkje tid. I eit halvt sekund var eg heil. Eg skulle ønske eg ikkje hadde det halve sekundet, fordi alle andre sekund har blitt så tomme.

Den andre teksten er skriven av Bjarne Trondsen, som også rappar under namnet Crystal Tears (Sjekk ut Facebook-sida hans her):

The ten commandments
I broke them all
Think im proud no not at all
Need some help before I fall
I’m so incomplete
Near defeat
Because all these standards I cannot meet
So here I sit
In this dark mist
Cut my wrist
Because I can’t resist
and the doctors give me no assist
Trembling hands
Can’t advance
Screaming in my prayers for another chance
Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s