Heider for homoreportasje

Både ein minidokumentar om trafikkulukker, og livet etterpå for dei pårørande, og ein reportasje om homofilt ekteskap blei premiert i helga.

Haugesund Journalistlag hadde si årlege samling i helga, der god journalistikk og gode fotografi blei heidra med prisar og heiderleg omtale.

Etter at eg fekk heiderleg omtale for ein reportasje om rusmiljøet på Stord for to år sidan, og vann sjølve hovudprisen for ein reportasje om prematurfødslar i fjor, var eg sjølvsagt spent på om eg hadde levert noko som kunne nå opp i år òg.

Det hadde eg, saman med min kollega Marius Knutsen, som stort sett er med og jobbar fram alle dei større sakene eg jobbar med, og tar glimrande bilete.

Til vanleg blir det delt ut ein journalistpris og to-tre heiderlege omtalar. I år valde juryen å dela opp prisen i tre, med ein førsteplass og to andreplassar, i tillegg til at det blei gjeve ein heiderleg omtale.

Førsteplassen gjekk velfortent til Elisabeth Berg Hass i Kvinnheringen, for ein serie saker om ein ME-sjuk mann. Heiderleg omtale gjekk til Torstein Nymoen i Grannar. Dei to andreplassane gjekk til meg og Marius, for to store reportasjar me jobba med i haust.

Dermed har eg fått fire utmerkingar i denne konkurransen på tre år, noko eg er bra nøgd og stolt over. Men ingen av sakene hadde blitt i nærleiken av det dei blei, om det ikkje hadde vore for det gode samarbeidet med fotografane.

Du kan lesa sakene her:

Dette skriv juryen om Slaget om ekteskapet, som tok føre seg kampen for og mot likekjønna ekteskap i kyrkja:

Debatten kring likekjønna ekteskap i kyrkja er ei varm potet, og når ein drar dette ned på lokalt nivå, blir det gloheitt.
 
Som resultat av eit framifrå kjeldearbeid, synleggjer reportasjen det store skismaet i kyrkjelege miljø. Både utval og breidda av kjelder illustrerer dei sterke motpolane og eit nølande mellomsjikt som enno ikkje vågar å ta standpunkt i ei sak som rokkar ved noko heilt elementert i kyrkja.
 
Journalisten har arbeidd grundig og målretta, då fleire av kjeldene i utgangspunktet ikkje ville uttala seg. Lesaren får innblikk i korleis likekjønna par møter ei stengt kyrkje. Samstundes synleggjer saka ei kyrkje i tvil, med sterk intern usemje kring grunnleggjande prinsipp om korleis kyrkja skal møta mange av sine medlemmer. Utvalet av kjelder bidrar til å belysa nye sider ved temaet lokalt, då kjeldearbeidet resulterer i uventa standpunkt hjå både lekfolk og kyrkja sine eigne. Det viser seg at veljarane ved soknerådsvalet ikkje visste kva fleirtalet av kandidatane stod for i denne saka.
 
God bruk av faktainformasjon kastar ekstra ljos over saka. Sett inn i lokal kontekst gir saka nyttig tilleggsinformasjon for lesarane. Dei får kunnskap om kva prestar i regionen som vil eller ikkje vil via likekjønna par.
 
Eit solid stykke journalistisk handverk skildrar her eit brennbart og prinsippielt, nasjonalt, og overnasjonalt tema, og sett det inne i lokale rammer.
Dette skriv juryen om Tomrommet, som handla om dødsulukker i trafikken, og korleis det er å leva vidare når ein har mista nokon. Det som er litt ekstra kjekt med denne videoen, er at eg sjølv har komponert og spelt inn musikken:
Video er for lengst blitt kvardagen for fotografar og journalistar også i avisene. Noko ein del av bidraga til journalistprisen viser med både sak og video. Juryen ønskjer å trekkja fram video som medium, og har derfor vurdert dei innkomne videoane som ein eigen «klasse».
Å møta folk i den heilt vanlege kvardagen krev av og til mot og medkjensle i tillegg til det journalistiske, fordi kvardagen for nokre ikkje lenger er heilt vanleg. Å omsetja dette til eit godt videoinnslag krev både planlegging, kunnskap og forståing – og ikkje minst tillit.
Juryen meiner dette videoinnslaget har alt og er eit solid stykke journalistisk arbeid. Her kjem sjåarane tett på intervjuobjektet, ei mor som deler si sorg og sine tankar om det å ha mista sonen i ei trafikkulukke. Samstundes får vi dei harde fakta. Redigeringa er godt handverk der film, bilete, musikk og kommentarar gjev sjåarane både oversikt og innsikt.
Videoen er ein del av ei sak, men kan sjåast heilt frittståande.
2. plass i journalistprisen 2015 går til Marius Knutsen og Anders Totland i Sunnhordland for videoen «Tomrommet».
 

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s