Hurra! Nok ein draum går i oppfylling

Skald Forlag kjem med femte og siste bok i serien av antologiar som er illustrert av Gunvor Rasmussen, og eg er med.

Det siste halve året har vore full av draumar som går i oppfylling. Først fekk eg gjeve ut ei bok (Vampyrane i Eplehagen). Deretter blei eg antatt av eit av dei største forlaga i landet, og kjem ut med ungdomsboka Engel i Snøen på Gyldendal i vår.

Som om ikkje det var nok, har eg også med ein tekst i Fantasiboka, som kjem ut på seinsommaren. Dette er den femte og siste boka i Skald Forlag sin serie av antologiar med nye, nynorske forteljingar.

Dei fire første bøkene i serien (Godnattboka, Monsterboka, Trøysteboka og Eventyrboka) har alle blitt moderne klassikarar, og er blant bøkene som blir absolutt mest lese her i heimen.

skald bok

Det er – for å seia det forsiktig – ein draum som går i oppfylling å få bidra til den siste boka i serien. Og det er ikkje berre noko eg seier. Då eg så smått begynte å skriva på det eg håpte kunne bli barnebøker for halvtanna år sidan, sa eg til kona at det kulaste som kunne skje, var viss eg blei illustrert av Gunvor Rasmussen.

No skjer det, og det er berre ein ting å seia:

Hurra!

(Bileta er henta frå nettstaden til forlaget)

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s