Skrivekurs og forfattarmøte

Februar ser ut til å bli ein svært spennande månad. I tillegg til eit hageforedrag eg skal halda på Karmøy på slutten av månaden, har eg sagt ja til å delta på to arrangement som føyer seg fint inn i rekka av ting eg ikkje har gjort før.

Først skal eg til Oslo, der Gyldendal har invitert ungdomsskuleelevar til å møta tre forfattarar, som alle gjev ut bøker som på ein eller anna måte passar inn i temaet “Hjerte og smerte”. Ein av desse er meg, og eg skal snakka om boka Engel i snøen, som kjem ut i vår.

Sidan eg først debuterte som forfattar med boka Vampyrane i Eplehagen i haust, har eg møtt mange ungar, både i barnehagar og på skular. Og det har både gått bra og vore veldig kjekt. Men det er noko litt ekstra skummelt når ungane blir ungdommar.

Det er også ungdommar eg skal møta når eg skal halda skrivekurs i forkant av Ungdommens Kulturmønstring i Kvinnherad veka etterpå. Her er målet at me skal leika oss litt med tekst, og forhåpentlegvis hjelpa deltakarane eit lite steg på vegen mot å finna si eiga forteljarstemme.

(Foto: Mari Mehl/Grenda)

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s