Frå hage til mage

Ein blogg om mold, makk og matauk.

Hausten 2011 flytta me inn i nytt, gammalt hus på Valen i Kvinnherad. Der var det mykje fint i hagen, som den førre huseigaren (svigermor) hadde samla på gjennom fleire tiår. Problemet var berre at verken eg eller kona var særleg interesserte i hagearbeid, og då me flytta inn hadde mykje av hagen alt begynt å gro igjen.

Løysinga blei eit prosjekt. Prosjektet blei ein blogg. Dermed oppstod Frå hage til mage, ein blogg om mold, makk og matauk.

Kort sagt handla det om å kvitta seg med alt i hagen som ikkje var brukande til matauk, og i staden bruka arealet til kjøkenhage, bærbuskar og drivhus, medan det heile blei dokumentert på bloggen.

Samstundes begynte eg å testa ut nye oppskrifter med ingrediensar frå hagen, og leggja ut resultatet på bloggen. Det var også dette som var bakgrunnen for at eg blei spurt om å reisa rundt og snakka om matauk, noko eg framleis gjer.

Etter ein periode med låg aktivitet, er målet å blåsa nytt liv i bloggen igjen utover våren i år. Du finn han her: http://hagetilmage.wordpress.com.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s