Strålande lansering av Vampyrane i Eplehagen

Endeleg er ho her. Eg visste jo sjølvsagt at ho skulle komma, og var blitt forsikra om at ho kom i tide til lanseringa. Likevel… Det var noko heilt spesielt å sjå det handfaste beviset på at eg no har debutert som barnebokforfattar.

Guten med ideen til det heile, Emil, fekk den aller første boka levert i handa av Otto Ersland i Kapabel Forlag, og aldri før har han vore stoltare. Det var nesten så heile guten rista av begeistring. Emil var også med og presenterte boka under sjølve lanseringsarrangementet, saman med pappa og bestefar. Det var stor stas.

Under det same arrangementet lanserte Ingvild Sjo si andre bok om Peder Bakar. I boka er det ein arbeidarsong, som Ingvild song under lanseringa. Dermed fekk eg også spela litt piano, som backing band saman med Roald Kaldestad på mandolin.

I det heile tatt ei fin stund, med servering av bollar og raude eple.

Om du enno ikkje har sikra deg eit signert eksemplar av Vampyrane i Eplehagen, kan du gjera det ved å senda ein epost til totlanders@gmail.com!

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s