Vampyrane har inntatt avisene

No nærmar det seg verkeleg boklansering, og eg gler meg som ein unge til å halda den ferdige boka i handa (eg har enno ikkje sett henne sjølv, men har fått bilete frå forleggjaren i Bergen, som har fått boka i hus). Dei siste dagane har eg vore fleire turar innom det nye bakeriutsalet til Peder Bakar i Leirvik, for å sjekka ut lanseringslokala, og det lovar godt. Bollene er i alle fall gode.

Dei siste dagane har eg også fått oppleva å sitja på andre sida av bordet under fleire intervju. For meg som vanlegvis stiller spørsmåla, er det alltid litt rart å byta roller. Det er først når eg sjølv blir intervjua av andre journalistar, eg forstår kor mykje rart eg seier.

Så langt har overskriftene vore: “Vampyrar på frifot”, “Bloddryppande barnebokdebut” og “Vil provosera med vampyrar i kyrkja”.

Det er rett og slett fantastisk at boka får såpass mykje merksemd, og eg kosar meg med avisene kvar dag. Etter den siste saka, har eg fått spørsmål om det verkeleg er slik at eg først og fremst ønskjer å provosera med boka. Bakgrunnen er dette avsnittet:

– Ingenting vil gleda meg meir enn om enkelte kristne miljø vil reagera på boka.

– Kvifor det?

– Det er fleire som treng å bli røska litt i. I alle fall viss dei reagerer. Alle treng å bli utfordra.

Svaret er nei, eg skriv ikkje for å provosera. Som eg blir sitert på seinare i teksten, meiner eg at god barnelitteratur først og fremst skal vera god underhaldning for ungane. Dersom vaksne les meir ut av teksten, får det vera deira sak. Utgangspunktet for denne delen av intervjuet var nettopp at eg meiner boka er lite kontroversiell. Likevel innser eg jo at det kan finnast folk som meiner det ikkje går an å tulla med prestar, kyrkja og nattverden. Dei kan ha godt av å bli utfordra.

Så var det sagt.

No skal eg leggja beina på bordet, før det er tid for Odd Nordstoga-konsert i morgon kveld, og boklansering laurdag føremiddag.

God helg!

PS: Det er heilt sant, som det står i eine artikkelen, at eg fekk nokre reaksjonar då eg spelte Money, money money under takkekollekten. Men resten av spelejobbane eg har hatt i kyrkja dei siste 14 åra, har eg stort sett fått skryt og breie smil for å spela populærmusikk i kyrkja. Det kunne eg godt ha sagt til journalisten.

Boka kan du kjøpa her, om du ønskjer eit signert eksemplar eller to.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s