For ein rockefest!

Den kjensla, når ein sit på scenen i ein stappfull idrettshall og slår dei første tonane av ein halvanna minutt lang orgelintro, og berre ventar på at pianisten, bassisten, dei tre trommisane, vokalisten, dei tre gitaristane og dei fire kordamene, for ikkje å gløyma korpset, skal vera med og blåsa ut nasehåret på publikum, i sjølve opningsnummeret til det som skal visa seg å bli tidenes rockefest på Husnes…

Den kjensla er det lite som kan måla seg med. Tusen takk Rock 15!

rock15-9

Er eg heldig, rekk eg vel akkurat å landa sånn nokolunde på jorda igjen i løpet av veka, før neste kulturelle høgdepunkt kjem til helga, med Odd Nordstoga-konsert fredag og lansering av mi første barnebok, Vampyrane i Eplehagen, under Falturiltu laurdag.

Kan det bli betre? Nei, eg trur ikkje det.

rock15-3

(Fotograf er Jorun Larsen. Pianisten til venstre er Frode Kaldestad. Han trøytte typen til høgre er kyrkjeorganisten som fekk æra av å opna showet.)