Heider og ære for prematurreportasje

Dette har vore ei god helg. Ikkje heilt uventa tok eg ein pause frå fulltidsfartilværet for å delta på den årvisse Vinterkonferansen til Haugesund Journalistlag i Skånevik. Der hadde eg gleda og æra av å motta årets journalistpris for ein reportasje om premture barn, som stod på trykk i fjor vår.

Men ikkje nok med det. Den andre prisen som blei delt ut – Fotoprisen – gjekk til min gode kollega Marius Knutsen. Og som om ikkje det skulle vera nok heller, fekk Vilde Hjertholm Lunde og Hilde Vormedal Nybø heiderleg omtale for god lokalavisjournalistikk. Til saman tre av fire utmerkingar gjekk til Sunnhordland, noko som sjølvsagt måtte feirast.

IMG_5770

Her kan du lesa kva juryen, som var sett saman av Ellen Marie Hagevik, Lena Vermedal og Frode Nygaard, skriv om vinnarreportasjen:

Arbeidet med vinnarbidraget starta hausten 2013, og det er lagt ned eit solid stykke journalistisk arbeid fram til reportasjen sto på trykk 7. mars 2014. Journalisten evnar å gjera kvar av dei fem historiane nære, rørande og eineståande, sjølv om utgangspunktet er det same: eit ekstremt prematurt barn. Her er det tydeleg at journalisten har brukt tid med familiane og har fått tillit tilbake i form av usminka svar som slepp lesarane tett på.

Samstundes gjev heilskapen i reportasjen både innsyn og ny kunnskap til lesarane. Og den stiller eit viktig spørsmål; Kvar går grensa for kortid eit for tidleg født barn skal reddast?

Reportasjen har eit veldig godt språk, og teksten presentert saman med framifrå fotografi, gjer dette til ei sak som juryen er heilt sikker på at sit att i minnet hos mange av lesarane.

Advertisements

One thought on “Heider og ære for prematurreportasje

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s