Det er på tide å logga av

I morgon loggar eg av. Fredag blir min siste dag på jobb – for denne gong – og eg skal dei neste 21 vekene vera far på fulltid. Det er eg for så vidt alltid, men no skal eg vera det på skikkeleg, utan å måtta reisa på jobb før ungane står opp.

Som journalist må eg vera påkopla. Alltid når eg er på jobb, og som regel også når eg har fri, er eg på nett. Nettaviser, Facebook, Twitter… Det er ein del av jobben.

No skal eg ikkje vera journalist, og vil unna meg sjølv ein pause. Ein pause frå det daglege maset. Frå forventninga om respons når eg twitrar eller legg ut noko på Facebook, som eg aldri heilt klarer å rista av meg.

Det er tid for å finna fram beremeisen, laga kaffibål i skogen og fortelja skrøner.

Men sjølv om signaturen min forsvinn frå avisa i vår, legg eg ikkje pennen heilt frå meg. Saman med min tidlegare kollega, fotograf Per Egil Larsen, jobbar eg i vår med eit bokprosjekt, der me dyrkar den gode samtalen og dei gode fotografia. Kapabel forlag gjev ut boka, som etter planen skal komma ut i haust. Så fekk du svar på kva du skal kjøpa til jul i år, anten du skal handla til familien eller dei tilsette.

I samband med dette prosjektet kjem eg til å leggja ut ei og anna oppdatering på denne bloggen fram mot sommaren. Kanskje skjer det også andre ting eg ønskjer å dela med omverda. Me får sjå.

Advertisements

One thought on “Det er på tide å logga av

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s